Posts

Støre-regjeringa vart gjenvalt

Den 8. september 2025, var ein stor dag for Noreg. Støre-regjeringa vart gjenvalt, og Jonas Gahr Støre fortset som statsministar. Det er ganske imponerande med tanke på korleis det såg ut i desember 2024. Arbeidarpartiet hadde 14,2% i ei måling for desember 2024, og Sentarpartiet havna under sperregrensa i ei måling for desember 2024.  No gjekk jo Sentarpartiet ut av Støre-regjeringa den 4. februar 2025, men det såg ikkje lyst ut for noko fortsetjing av raudgrøn regjeringsmakt etter stortingsvalet 2025. Arbeidarpartiet og dei andre raudgrøne partia fekk fleirtal ved Stortingsvalet 2025, mykje takka vere at at alle dei andre raudgrøne partia på Stortinget klarte å kome seg over sperregrensa. Det var særleg usikkarheit om MDG ville klare å kome seg over sperregrensa, sidan dei ikkje har klart å kome seg over sperregrensa før.  Så ein kan hevde at MDG redda Støre-regjeringa, særleg med tanke på at Venstre kom under sperregrensa.  Støre-regjeringa fortset no, som frå 4. febru...

Ukraina og Gaza

Måndag den 8. september 2025, er den viktigaste dagen vi har hatt på lenge. Stortingsvalet 2025, representerar eit vegskilje for Noreg. Vi står ovanfor eit val mellom to veldig forskjellige retningar for vårt land, og også for ein forskjellig politikk mot resten av verda. I dette blogginnlegget vil eg fokusere på Ukraina og Gaza, som er dei to store brennpunkta i verda idag.  Dette er to forferdelege krigar, som har haldt på altfor lenge. Desse to krigane visar menneskets tilbøyelegheit til ondskap. I Ukraina-krigen har vestlege land gjort ein formidabel jobb med å gi militær, humanitær og sivil støtte til Ukraina. Det har vore veldig flott å sjå korleis vestlege land har stilt opp for Ukraina, med både militært materiell, humanitær støtte, sivil støtte, og det å ta imot ukrainske flyktningar. Sjølv om altfor mange liv går tapt i krigen, så meinar eg at det rette sporet for Ukraina, er å fortsetje å krige med vestleg støtte. Dette fordi eg trur det er begrensa kor lenge Russland ka...

Mitt inntrykk av Støre-regjeringa hittil

No er det snart stortingsval igjen, og Støre-regjeringa har regjert i snart fire år. Eg følar at Støre-regjeringa har hatt ei oppadgåande utvikling dei fire siste åra. Det var mykje motbør for Støre-regjeringa dei første åra av denne fire-års perioden, og Ukraina-krigen, straumkrisa, og korona-etterdønningar bidrog til dette. Etterkvart så følar eg at Jonas Gahr Støre har blitt meir varm i trøya som statsministar, og hans regjering har blitt tryggjare i rolla.  Eg skreiv jo det i det første blogginnlegget mitt, der eg skreiv om kor kvalifisert eg synes Jonas Gahr Støre var til å bli statsministar, før han vart statsministar, at eg var så lei av å høyre negative nyhende frå mediane om Jonas Gahr Støre.   Og eg følar at denne straumen av negative nyhende om Jonas Gahr Støre fortsatte etter at han vart statsministar. Faktisk så fortsatte den negative straumen av negative nyhende om Jonas Gahr Støre, nesten heilt fram til Senterpartiet gjekk ut av regjering 4. februar...

Klimaforhandlingane

I november 2024, vart det avhaldt det 29. klimatoppmøtet i historia, i Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan. Forkortinga av dette klimatoppmøtet er COP29. COP står for "Conference of the parties". Det kallast på norsk partsmøte, altså årlege møtar for dei landa som har ratifisert klimaavtalane, som er FNs klimakonvensjon, Kyotoavtalen og Parisavtalen. Eg veit ikkje om eit land må ha ratifisert alle tre klimaavtalane for å vere med på COP, men eg vil anta at dei i alle høve må ha ratifisert Parisavtalen. Sidan 1995 har det vore avhaldt klimatoppmøtar på årleg basis. Det første møtet vart avhaldt i Berlin i Tyskland i 1995.  Grunnlaget for desse klimatoppmøta er FNs klimakonvensjon, som vart utarbeida under FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro i 1992. Det heile starta med Stockholmskonferansen i Stockholm i 1972, som handla om menneskeleg miljø. Dette var den første miljøvernkonferansen under FN.  I 1987 kom rapporten "Vår felles framtid" (Our common futu...

Presidentvalet i USA 2024

Tysdag den 5. november 2024, er det duka for det 60ande presidentvalet i USAs historie. Dette presidentvalet blir kanskje eit av dei viktigaste presidentvala i USAs historie. Dette fordi det står om retninga på USAs og verdas framtid. USA har dessverre blitt eit djupt splitta land, som berre har blitt meir splitta etter at Donald Trump kom på bana i 2015, som presidentkandidat, og deretter som president mellom 2017-2021. Ved presidentvalet i 2024, er Trump republikanaranes presidentkandidat for tredje gong.  Trump representerar yttarfløyen i det republikanske partiet, altså høgrefløyen i det republikanske partiet. Eg vil seie at han ikkje representerar grunnfjellet i det republikanske partiet. Fleire framtredande republikanarar har tatt avstand frå Trump.  Det at Trump representerar høgrefløyen og i det republikanske partiet, gjer at avstanden til vanlege republikanarar og avstanden til demokratane har blitt større, og det har truleg gitt grobunn for auka splitting i USA. Trum...

Israel-Palestina konflikta

Den 7. oktober 2023, gjekk Hamas til eit grufullt angrep mot Israel, og drepte rundt 1200 israelarar. Angrepet er det verste angrepet mot sivile jødar, sidan Holocaust.  Israel gjekk raskt til militært motangrep mot palestinarane, og Israel har uttalt at dei vil fortsetje det militære motangrepet til Hamas er utsletta. Det militære motangrepet til Israel er brutalt, og hittil har over 30000 palestinarar blitt drepne og over 70000 palestinarar blitt skadde, ifølgje palestinske helsemyndigheitar.  Ser ein på tala over antall drepne på henhaldsvis israelsk og palestinsk side, så ser ein at dette er veldig disproporsjonalt. Israel har gjennom konflikta mellom Israel og Palestina, sidan Israel vart ein sjølvstendig stat i 1948, stort sett alltid gjengjeldt seg mykje verre, og i mykje større omfang mot palestinarane, enn det palestinarane har gjort mot Israel. Dette visar at det er ei assymetrisk konflikt, der Israel er den sterke parten, med sterk støtte frå USA og fleire and...

Aasen-utvalet sitt forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning

I april 2021, vart det sat ned eit utval leia av tidlegare Arbeidarparti-politikar, Marianne Aasen, som skulle sjå på moglege forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning. Utvalet la fram sin rapport 1. desember 2022. Utvalet heitte Opptaksutvalet.  Eg er svært bekymra for dette nye forslaget til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, og eg er svært skuffa over kva utvalet har kome fram til av forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning. Opptaksutvalet foreslår å fjerne alle alders- og tilleggspoeng, og dei foreslår også å ta bort moglegheita til å forbetre karakterar. Eg er forferda over forslaga til dette Opptaksutvalet, og eg følar at dette forslaget til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, mest av alt vil knuse unge menneskar sine draumar. Eg er veldig redd for at dette forslaget til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, vil hindre delar av befolkninga adgong til høgare utdanning, og at det vil skape mykje større sosiale forskjellar i...