Krigen i Ukraina
Den russiske invasjonen av Ukraina har vart i snart to månadar. Det er brutalt, grusomt, og horribelt det som skjer i Ukraina no. Russland skyr ingen midlar i å oppnå sine mål. Det verkar som Russland vil gjere alt dei kan for å vinne denne krigen, koste kva det koste vil. Ukraina på sin side, kjempar med stort heltemot, vilje og uthaldenheit, i kampen for å redde sitt land. Dei omfattande sanksjonane frå Vesten mot Russland, ser i liten grad ut til å ha så stor effekt. FN ser ut til å vere ganske handlingslamma og usynleg i denne krigen. USA ser også ut til å ha liten påverknad på kva Russland føretek seg i denne krigen. NATO har også vore litt nøktern etter at krigen braut ut, og det er truleg fordi dei ikkje vil egge til konflikt med Russland. Men medlemsskap i NATO for land som Sverige og Finland blir no høgaktuelt. Eg synes det er dårleg av Tyskland å ikkje setje embargo på olje og gass frå Russland. Men det er kanskje ikkje så lett. Det er litt rart at det ...