Aasen-utvalet sitt forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning

I april 2021, vart det sat ned eit utval leia av tidlegare Arbeidarparti-politikar, Marianne Aasen, som skulle sjå på moglege forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning. Utvalet la fram sin rapport 1. desember 2022. Utvalet heitte Opptaksutvalet. 

Eg er svært bekymra for dette nye forslaget til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, og eg er svært skuffa over kva utvalet har kome fram til av forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning.

Opptaksutvalet foreslår å fjerne alle alders- og tilleggspoeng, og dei foreslår også å ta bort moglegheita til å forbetre karakterar.

Eg er forferda over forslaga til dette Opptaksutvalet, og eg følar at dette forslaget til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, mest av alt vil knuse unge menneskar sine draumar.

Eg er veldig redd for at dette forslaget til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, vil hindre delar av befolkninga adgong til høgare utdanning, og at det vil skape mykje større sosiale forskjellar i Noreg, enn det vi har i Noreg idag.

Aasen-utvalet ønskar eit enklare, meir forståeleg, og meir rettferdig system. Aasen-utvalet ønskar at unge menneskar skal kome raskare igong med studiane, og hindre at unge menneskar brukar fleire år etter vidaregåande på å ta opp fag (forbetre karakterar), og samle alders- og tilleggspoeng. Dei foreslår at karakterar fortsatt skal vere hovudgrunnlaget for opptak til høgare utdanning, men dei vil opprette ei opptaksprøvekvote for ca. 20% av plassane til høgare utdanning, for at dei søkjarane som ikkje har gode nok karakterar skal få ein ny sjanse. 

Eg kan riktignok vere einig med Aasen-utvalet, om at ei opptaksprøve kan vere ein bra ting, men eg synes eigentleg opptaksprøve berre kan vere bra for visse studium med veldig høge opptakskrav, som medisin, tannlege, og psykologstudiet. For desse tre studia så meinar eg at ein bør prøve å finne alternative opptaksmodellar, for eksempel der delar av opptaket kunne vere basert på ei opptaksprøve.

Aasen-utvalet hevdar at det blir urettferdig at ein kan forbetre karakterar, fordi det favoriserar dei som har mest pengar og kjem frå familiar med mest pengar, sidan det kostar pengar å ta opp fag. Men eg er ikkje einig i dette, fordi alle innbyggjarar i Noreg har tilgong til åtte år med studielån frå Lånekassa, og ofte er det studielån som brukast som finansiering når ein skal ta opp fag. Eg synes det er meir urettferdig at det er dei flinkaste elevane, dei mest ressurssterke elevane, og dei elevane som kjem frå dei mest ressurssterke familiane, som blir ståande att med dei beste karakterane etter vidaregåande, mens dei elevane som ikkje er like flinke, som kanskje har helseproblemar eller andre problemar, eller som kjem frå familiar med problemar, vert ståande att med dei dårlegaste karakterane, og vil aldri få moglegheita til å forbetre karakterane sine, og vil kanskje få eit veldig dårleg utgongspunkt for liva sine, hvis Aasen-utvalet sitt forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, blir implementert. Aasen-utvalet vil ha eit meir rettferdig opptakssystem for høgare utdanning, men eg meinar at opptakssystemet for høgare utdanning blir mykje meir urettferdig, hvis Aasen-utvalet sitt forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning blir implementert. 

Eg er veldig redd for at hvis unge menneskar blir tvunge til å byrje å studere tidlegare, og for eksempel rett etter vidaregåande, så vil det føre til at fleire tek feil studieval.

Eg har møtt mange unge menneskar som har byrja å studere rett etter vidaregåande, og byrja på eit studie som er feil for dei. 

Eg vil hevde at eg har møtt så mange unge menneskar som har byrja på feil studie, rett etter vidaregåande, at eg vil hevde at det er ein samanheng mellom å byrje på feil studie, og å byrje på studie rett etter vidaregåande. 

Det verkar på ein måte å vere ein større sjanse for å ta feil studieval når ein byrjar på studie rett etter vidaregåande, enn hvis ein ventar nokon år etter vidaregåande. 

Dette har nok samanheng med modning, og at mange menneskar ikkje er modne nok i hovudet når dei er 19 år, til å ta eit rett studieval. Og dei har hellar kanskje ikkje hatt nok tid til å tenkje gjennom og føle på, kva dei vil studere, og kva som er rett for dei å studere, når dei er 19 år. Riktignok er det mange som tek riktig studieval når dei kjem rett frå vidaregåande også, men eg ser berre ein tendens til at fleire unge menneskar tek feil studieval når dei kjem rett frå vidaregåande. 

Eg tenkar at det viktigaste er at unge menneskar har moglegheita til å velje det dei ønskar å studere, og at dei har moglegheita til å velje den utdanninga som er rett for dei. Hvis ein tek bort moglegheita til å forbetre karakterar, og tek bort alders- og tilleggspoeng, så er det mange som ikkje vil få moglegheita til å studere det dei vil, og kanskje hellar ikkje vil få moglegheita til å studere det som er rett for dei. Eg fryktar at eit slikt forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, vil føre til at færre får ta høgare utdanning, og eg fryktar altså at det vil føre til at mange fleire vil ta feil studieval.

Ved å ta bort moglegheita til å ta opp fag, og ved å ta bort moglegheita til å samle alders- og tilleggspoeng, så vil ein favorisere dei elevane som er flinkast, dei elevane som er mest ressurssterke, og dei elevane som kjem frå dei mest ressurssterke familiane. 

Eg fryktar at sosial mobilitet, blir mykje vanskelegare, med modellen som Aasen-utvalet foreslår. Utdanningssystemet, er jo kanskje den viktigaste institusjonen i samfunnet, for å redusere sosial ulikheit, og for å bidra til sosial utjamning.

Men med Aasen-utvalet sitt forslag, så vil utdanningssystemet, gjere det motsatte av det det er meint å gjere, og istadenfor å redusere forskjellar mellom folk, så vil utdanningssystemet med Aasen-utvalet sitt forslag, truleg sementere forskjellar mellom folk, og i verste fall, ta ifrå tusenvis av unge menneskar, tru, håp, moglegheitar, og draumar. 

Eg synes rett og slett at Aasen-utvalet sitt forslag er heilt forkasteleg. 

Eg trur det er veldig farleg å skulle skape ein modell for opptak til høgare utdanning, som skal passe for alle, ved at alle som vil ta høgare utdanning, må byrje så raskt dei kan etter vidaregåande. Vi er alle ulike, og vi har alle våre biologiske klokkar, med tanke på kva som er rett for kvar enkelt person, til kva tid og til kva stad. Det er ikkje samfunnsøkonomisk lønsamt, at mange tek feil studieval og havnar på feil hylle, fordi dei byrjar på høgare utdanning rett etter vidaregåande. 

Eg håpar av heile mitt hjarte at Støre-regjeringa og framtidige regjeringar skrotar Aasen-utvalet sitt forslag, og slår ring om og fredar (men kanskje ser på alternative opptaksmodellar for dei studiane med høgast opptakskrav, som medisin, tannlege, og psykologstudiet) det heilt unike opptakssystemet til høgare utdanning som vi har i Noreg. 


Comments

Popular posts from this blog

Støre-regjeringa vart gjenvalt

Ukraina og Gaza

Mitt inntrykk av Støre-regjeringa hittil