Ukraina og Gaza

Måndag den 8. september 2025, er den viktigaste dagen vi har hatt på lenge. Stortingsvalet 2025, representerar eit vegskilje for Noreg. Vi står ovanfor eit val mellom to veldig forskjellige retningar for vårt land, og også for ein forskjellig politikk mot resten av verda.

I dette blogginnlegget vil eg fokusere på Ukraina og Gaza, som er dei to store brennpunkta i verda idag. 

Dette er to forferdelege krigar, som har haldt på altfor lenge. Desse to krigane visar menneskets tilbøyelegheit til ondskap.

I Ukraina-krigen har vestlege land gjort ein formidabel jobb med å gi militær, humanitær og sivil støtte til Ukraina. Det har vore veldig flott å sjå korleis vestlege land har stilt opp for Ukraina, med både militært materiell, humanitær støtte, sivil støtte, og det å ta imot ukrainske flyktningar.

Sjølv om altfor mange liv går tapt i krigen, så meinar eg at det rette sporet for Ukraina, er å fortsetje å krige med vestleg støtte. Dette fordi eg trur det er begrensa kor lenge Russland kan halde stand i denne krigen. Då Sovjetunionen invaderte Afghanistan mellom 1979-1989, så bidrog dette til Sovjetunionens kollaps. 

Hvis Ukraina-krigen vedvarar over lengre tid framover, så trur eg at det kan bidra til Putin-regimets kollaps. Russland har ikkje like mange støttespelarar som Ukraina, og mottar på langt nær like mykje militær støtte frå sine allierte, som Ukraina mottar frå sine allierte. 

Hvis vestlege land intensiverar og forbetrar sanksjonane mot Russland, og klarar å selje seg ut av fleire russiske selskåpar, så vil det forhåpentlegvis ramme den russiske økonomien enno sterkare, og det vil forhåpentlegvis ramme den russiske krigsevna enno sterkare.

Eg er absolutt for fredsforhandlingar, men det ser ikkje ut til at det har vore så lett å få istand hittil. Eg trur Donald Trump er litt for utålmodig, når det gjeld å få til ein slutt på Ukraina-krigen, og få til varig fred mellom Ukraina og Russland. Han har jo lova å få ein slutt på krigen i Ukraina, og har vist eit fredsinitiativ ovanfor Ukraina og Russland, etter at han vart innsatt som president i år.

Problemet med fredsforhandlingane er at Ukraina kan bli tvunge til å gi opp store landområdar til Russland, og gi opp NATO-medlemsskåp i uoverskueleg framtid. 

Det er bra at Trump ønskar å få ein slutt på krigen i Ukraina, og ønskar å få til fred, men han må innstille seg på at det kjem til å ta lengar tid enn han først såg for seg, og han må ikkje vere for ettergivande til Putin med at Ukraina skal gå med på urimelege krav. 

Når det gjeld Israel/ Palestina krigen, så er det fleire store organisasjonar og framtredande personar, som meinar at det er eit folkemord. Eg er einig i denne beskrivinga. Det er rett og slett hjarterått det som skjer i Gaza. Og særleg hjarterått er det at små born og babyar blir drept i Gaza. 

Når det gjeld krigen i Gaza, så har ikkje vestlege land vore like flinke som ovanfor Ukraina. Det er mange vestlege land som fortsatt ikkje støttar Palestina sin sak, og det er nok slik at vestlege land vegrar seg for å gå imot USA si kompromisslause støtte til Israel.

Dette gjer at verda no står og ser på at Israel begår folkemord mot palestinarane. Dette har skjedd før, i Rwanda i 1994. Då også var USA medskuldig, ved at dei ikkje ville samle ein koalisjon, og gripe inn militært. Det er nok lite sannsynleg at USA ville ha gripe inn militært i Gaza, mot Israel, til forsvar for palestinarane, men USA og Donald Trump, kunne vore langt tøffare mot Israel og Benjamin Netanyahu, for å få ein slutt på krigen i Gaza. Dei kunne satt hardt mot hardt, og stoppa dei militære leveransane til Israel. Det er lite truleg at USA ville gjort det, men det er trist at USA som skal vere eit fyrtårn for menneskerettar og demokrati, lar enno eit folkemord passere i stillheit. 

Hvis ikkje det som skjer i Gaza no, er nok til å få verda til å gripe inn, kva skal til då, for å få verda til å gripe inn, for å redde palestinarane?

Eg trur at, dette er litt tøft å seie, men reint psykologisk sett, så trur eg at Israel hevnar seg på Hitler og Nazi-Tyskland, for Holocaust, gjennom den grusome måten dei har behandla palestinarane på sidan 1948, og det grusome folkemordet som har skjedd sidan 2023. Problemet med dette, er at då blir dei ikkje noko betre enn det Hitler og Nazi-Tyskland var mot dei sjølve. 

Det var jo riktignok mange fleire jødar, som vart drepne under Holocaust, men Israel har behandla palestinarane veldig dårleg sidan 1948, og drept palestinarar i hopetal, så samanhengen er ikkje heilt urimeleg. 

Det som eg må berømme Støre-regjeringa for, er at dei står på riktig side av historia. Dei støttar Ukraina og dei støttar Palestina. Dei kan riktignok bli flinkare til å bruke Oljefondet til å selje seg ut av russiske og israelske selskåpar. Men det er veldig viktig at Noreg no for den neste fire-års perioden, gjer det rette med tanke på Ukraina og Gaza. Og det trur eg at Støre-regjeringa er dei rette til å gjere. 

Så igjen, eg vil oppmuntre dokke til å stemme raudgrønt, fordi i ei tid prega av store internasjonale krisar, så er det viktig å ha ei norsk regjering som stillar seg på riktig side av historia, og har kløkt, visdom og tyngde til å ta dei rette vala i utanrikspolitikken. 

Bruk stemmeretten.

Godt val. 

 

Comments

Popular posts from this blog

Støre-regjeringa vart gjenvalt

Mitt inntrykk av Støre-regjeringa hittil