Posts

Showing posts from December, 2021

Støre-regjeringa sine første 100 dagar

Jonas Gahr Støre si regjering har sitte i litt over 100 dagar no. Det har vore ein litt turbulent start. Men likevel er det lysglimt å sjå.  Etter ein litt nølande start med tanke på koronahandteringa, så har Støre-regjeringa tatt grep, og har vidareført den relativt strenge linja som Solberg-regjeringa hadde. Det synes eg er veldig bra, fordi vi treng ei regjering som tek koronaviruset på alvor, og som gjer det dei kan for å beskytte oss mot, og bekjempe koronapandemien.  Ein annan sak som eg synes det er bra at Støre-regjeringa tek tak i, er reversering av domstolsreformen som Solberg-regjeringa innførte. Eg er imot sentraliseringa til Solberg-regjeringa, og eg meinar at det er bra hvis Støre-regjeringa får reversert domstolsstrukturen til slik det var før. Domstolsreformen som Solberg-regjeringa innførte, reduserte 60 tingrettar til 23 tingrettar. Eg synes 23 tingrettar er altfor lite for eit land som Noreg. Ein annan sak som eg synes har vore positiv for Støre-regjeringa, ...