Klimaforhandlingane
I november 2024, vart det avhaldt det 29. klimatoppmøtet i historia, i Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan. Forkortinga av dette klimatoppmøtet er COP29. COP står for "Conference of the parties". Det kallast på norsk partsmøte, altså årlege møtar for dei landa som har ratifisert klimaavtalane, som er FNs klimakonvensjon, Kyotoavtalen og Parisavtalen. Eg veit ikkje om eit land må ha ratifisert alle tre klimaavtalane for å vere med på COP, men eg vil anta at dei i alle høve må ha ratifisert Parisavtalen.
Sidan 1995 har det vore avhaldt klimatoppmøtar på årleg basis. Det første møtet vart avhaldt i Berlin i Tyskland i 1995.
Grunnlaget for desse klimatoppmøta er FNs klimakonvensjon, som vart utarbeida under FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro i 1992.
Det heile starta med Stockholmskonferansen i Stockholm i 1972, som handla om menneskeleg miljø. Dette var den første miljøvernkonferansen under FN.
I 1987 kom rapporten "Vår felles framtid" (Our common future), som var utarbeida av Brundtland-kommisjonen, også kalt Verdskommisjonen for miljø og utvikling, oppnevnt av FN, med vår tidlegare statsministar Gro Harlem Brundtland som leiar. Den rapporten lanserte begrepet "Berekraftig utvikling" (Sustainable Development), og belyste kvifor det er viktig at den noverande generasjonen passar på at den noverande generasjonen får dekt sine behov, utan at det går på bekostning av moglegheita framtidige generasjonar har til å få dekt sine behov.
Den første internasjonale avtalen for reduksjon av klimagassutslepp, vart vedtatt den 11. desember 1997, i Kyoto i Japan. Difor heitar den avtalen Kyotoavtalen. Dette var ein avtale som berre hadde utsleppsforpliktelsar for dei industrialiserte landa. Fordi dei industrialiserte landa er dei landa som historisk sett har slept ut mest klimagassar.
Prinsippet om "felles, men ulikt ansvar", er eit prinsipp som opprinneleg vart utarbeida under FNs klimakonvensjon frå Rio de Janeiro i 1992, men som også gjenspeglar seg i Kyotoavtalen, og som handlar om at dei industrialiserte landa har eit større ansvar enn utviklingslanda, for å ta handling med tanke på bekjemping av klimaendringane, både fordi dei har større skuld i klimakrisa, men også fordi dei har betre føresetnadar for å ta handling for å bekjempe klimaendringane.
Dette prinsippet om "felles, men ulikt ansvar", minnar om rettferdsprinsippet, som også vart utarbeida under FNs klimakonvensjon, frå Rio de Janeiro i 1992. Rettferdsprinsippet handlar om at landa som har ratifisert klimaavtalane, har eit differensiert ansvar for å ta handling for å bekjempe klimaendringane. Det handlar om historisk ansvar, altså kor stort ansvar ulike land har for klimaendringane historisk sett, med tanke på klimagassutslepp, men det handlar også ulike land sine evnar og ressursar til å ta handling med tanke på bekjemping av klimaendringane i notid. Rettferdsprinsippet er også gjenspegla i Kyotoavtalen.
Desse to prinsippa, prinsippet om "felles, men ulikt ansvar, og rettferdsprinsippet, bidro til at berre dei industrialiserte landa, fekk utsleppsforpliktelsar, under Kyotoavtalen.
Så kom det ein ny klimaavtale i 2015, som vart framforhandla i Paris, som difor heitar Parisavtalen, og som vart vedtatt den 12. desember 2015. Det var meininga at det skulle kome ein ny klimaavtale som skulle avløyse Kyotoavtalen, fordi Kyotoavtalen hadde berre utsleppsforpliktelsar for dei industrialiserte landa, og difor har det sidan midten av 2000-talet, vore ført forhandlingar om ein ny internasjonal klimaavtale der alle land skulle ha utsleppsforpliktelsar.
Parisavtalen er den første juridisk bindande klimaavtalen, som har forpliktelsar som gjeld for alle partar, dvs. alle land som har ratifisert Parisavtalen, og det er nesten alle land i verda.
Kjerna i Parisavtalen, er at den skal gjelde for alle partar, men at det ikkje skal vere nokon fastsatte utsleppsforpliktelsar som i Kyotoavtalen, men at utsleppsreduksjonar skal skje på basis av at kvart enkelt land som har ratifisert Parisavtalen, skal melde inn kor mykje dei ønskar å kutte i klimagassutslepp. Kvart land skal melde inn nye utsleppsmål kvart femte år.
Det er ein hensikt i at dette systemet skal skape ein dynamikk der det blir konkurranse mellom landa i å kutte mest i utslepp.
Parisavtalen stadfestar også at landa som har ratifisert avtalen skal hindre at temperaturen på jorda stig meir enn 2 gradar innan dette århundret er over, og at dei skal gjere alt dei kan for at temperaturen på jorda ikkje stig meir enn 1,5 gradar.
Eit anna element i Parisavtalen er at industrialiserte land, skal hjelpe fattige land med pengar gjennom "Det grøne klimafondet", som fattige land skal bruke til å kutte klimagassutslepp, og til å tilpasse seg klimaendringane.
Under årets klimatoppmøte i Baku, i Aserbajdsjan, verka det som det store temaet for årets klimatoppmøte, var kor mykje dei industrialiserte landa skulle gi til "Det grøne klimafondet", som dei fattige landa skal bruke av, for å kutte klimagassutslepp, og for å tilpasse seg klimaendringane.
Det er forsåvidt viktig at fattige land får hjelp av dei industrialiserte landa, til å kutte klimagassutslepp og til å tilpasse seg klimaendringane.
Men eigentleg så synes eg dette er mest trist. Istadenfor å planleggje, diskutere, og bli einige om, kor mykje dei industrialiserte landa kan kutte i sine eigne utslepp, og korleis dei skal nå målet om at temperaturen på jorda ikkje skal stige meir enn 1,5 gradar, så brukar dei nesten heile klimatoppmøtet i Baku, slik eg forstår det, på å forhandle om korleis utviklingslanda skal hjelpast til å kutte klimagassutslepp og tilpasse seg klimaendringene.
Dette synes eg er ansvarsfråskriving frå dei industrialiserte landa si side. Dette tydar på at dei industrialiserte landa, ønskar å fortsetje som før, og sleppe ut nesten like mykje klimagassutslepp som før, mens det no verkar som dei prøvar å flytte ansvaret for å kutte klimagassutslepp, over på fattige land.
Dette verkar absurd, med tanke på at det er dei industrialiserte landa som har det historiske og noverande ansvaret for klimakrisa.
Til sjuande og sist, er det vi innbyggjarane i dei industrialiserte landa, som kanskje har det største ansvaret, for at dei industrialiserte landa prøvar å flytte ansvaret over på dei fattige landa, med tanke på klimagassreduksjonar, fordi vi innbyggjarane i dei industrialiserte landa, tviheld på vår livsstil, og nektar å gi opp våre privilegiar.
Det er vi innbyggjarane i dei industrialiserte landa, som stemmar fram dei politikarane og dei politiske partia, som ikkje tek grep om klimaendringane.
Det er sikkart ikkje så lett å vere klimaforhandlar for eit industrialisert land, når ein står til ansvar for regjeringar, land og innbyggjarar i dei industrialiserte landa, som ønskar å fortsetje status quo, og som ikkje ønskar å redusere, sine nasjonale eller individuelle klimagassutslepp, noko særleg.
Eg veit at det er opp til landa sjølve, å melde inn kor mykje dei skal kutte i klimagassutslepp.
Men hvis det med å melde inn utslepp, berre er opp til landa sjølve, og ikkje skal diskuterast på klimatoppmøtane, og at ein berre skal diskutere kor mykje ein skal gi til "Det grøne klimafondet" på klimatoppmøtane, så følar eg at klimatoppmøtane blir ei farse.
Og kor god kontroll har ein eigentleg med at dei milliardane som blir gitt til "Det grøne klimafondet", faktisk går til å kutte utslepp i utviklingsland, og til at utviklingsland skal tilpasse seg klimaendringane? Dette er eit betimeleg spørsmål.
Eg meinar at klimakrisa ikkje berre kan løysast ved hjelp av pengar.
Det handlar meir om fundamentale, grunnleggjande, og radikale samfunnsendringar, som heile verda må gjennomføre, for å unngå klimakatastrofe. Det handlar om å endre på og innføre nye normar, tankesett, reglar, og verdiar, både på individnivå, nasjonalt nivå, og overnasjonalt nivå.
For å klare dette, og for at verda skal klare å gå gjennom denne transformasjonen, så må alle bidra, men det er dei industrialiserte landa som har det største ansvaret, og som må gå foran som eit godt eksempel for alle andre.
Comments
Post a Comment