Posts

Showing posts from August, 2020

Jonas Gahr Støre er den best eigna og mest kvalifiserte statsministerkandidaten Noreg nokonsinne har hatt.

Dette er mi personlege meining. Eg vil i dette blogginnlegget prøve å få fram kvifor eg meinar at Jonas Gahr Støre er den best eigna og mest kvalifiserte statsministerkandidaten Noreg nokonsinne har hatt. Eg vil starte med å sjå på CVen hans og hans bakgrunn og erfaringar. Eg vil deretter sjå meir på kva eigenskapar han har som eg meinar gjer at han er den best eigna og mest kvalifiserte statsministerkandidaten Noreg nokonsinne har hatt. Til sist vil eg sjå han i samanheng med Erna Solberg, og argumentere for kvifor han er eit opplagt val framfor Erna. Jonas Gahr Støre har topp utdanning, han er utdanna statsvitar frå Institut d`Etudes Politiques de Paris (Sciences Po) i Paris. Dette er eit svært bra universitet for samfunnsvitenskaplege fag. I tillegg er han fenrik frå Sjøforsvaret. Jonas Gahr Støre var også elevrådsleiar ved Berg vidaregåande skule. Støre har brei arbeidserfaring. Han har jobba på Statsministarens kontor i mange år under statsministrane Gro Harlem Brundtland, Jan...