Det internasjonale samfunnet har svikta Syria
I år, i 2021, er det 10 år sidan borgarkrigen i Syria starta i mars 2011. Sidan mars 2011 er over 450000 menneskar drepne i denne forferdelege borgarkrigen. Det er heilt grusomt. Borgarkrigen starta med at den arabiske våren slo inn som ei bølgje over Midtausten og Nord-Afrika, og mange land i Midtausten og Nord-Afrika opplevde folkelege opprør mot sine autoritære regimar. Assad-regimet som har sitte ved makta i Syria sidan år 2000, slo hardt ned på protestane, og det utvikla seg raskt til ein borgarkrig. Det vart også tidleg ein regional krig, og tidleg ein internasjonalisert krig. Regionale og utanlandske aktørar og land har blanda seg inn i konflikta, og mange regionale og utanlandske aktørar og land har vist si støtte til dei ulike stridande partane. Sjølv om borgarkrigen pågår fortsatt, så kan ein vel seie at Assad-regimet dessverre i stor grad har vunne borgarkrigen. Eg meinar at det internasjonale samfunnet har svikta Syria. Det syriske folket har vore utsatt fo...