Jonas Gahr Støre som ny norsk statsministar og leiar for Støre-regjeringa
Det skjedde noko stort på måndag den 13 september 2021. Dei raudgrøne partia på Stortinget fekk fleirtal, og Arbeidarpartiet, Senterpartiet, og Sosialistisk Venstreparti fekk åleine fleirtal på Stortinget med 89 mandatar. Arbeidarpartiet vart ca. dobbelt så stort som Senterpartiet, og Senterpartiet vart ca. dobbelt så stort som Sosialistisk Venstreparti. Dermed vart Jonas Gahr Støre endeleg statsministar. Etter regjeringssonderingar og regjeringsforhandlingar på Hurdalsjøen Hotell, vart det dessverre berre Arbeidarpartiet og Senterpartiet som gjekk i regjering ilag. Eg og mange andre hadde jo håpa at Sosialistisk Venstreparti også skulle bli med i regjering. Men mykje pga for lave klimaambisjonar på Arbeidarpartiet og Senterpartiet sine vegne, valte Sosialistisk Venstreparti å avstå frå å vere med i regjering. Uansett, så er dette ein stor begivenheit for Jonas Gahr Støre, for Arbeidarpartiet og Senterpartiet, for Noreg, og også for meg, som har hatt som ein stor draum at Jo...