Posts

Showing posts from April, 2021

Solberg-regjeringa sin skattepolitikk skapar større forskjellar i Noreg

Skattepolitikken til Solberg-regjeringa har ført til milliardar av skattelettelsar til dei rikaste. Som eg skreiv i det tidlegare blogginnlegget om at: "Regjeringa bryr seg ikkje om dei store spørsmåla i vår tid, som klima, fattigdom og migrasjon", så har Solberg-regjeringa gitt 9 milliardar i skattelettelsar til dei rikaste i Noreg. På Høyre sine heimesidar, under 10 gode grunnar til å stemme Høyre, så står det: "Verdiar må skapast, før dei kan delast." "Difor meinar Høyre at det skal leggjast til rette for å skape meir, ikkje skatte meir." Høgresida argumenterar med at høge skattelettelsar bidreg til verdiskapning. Dette kan hende, men på den andre sida så førar høge skattelettelsar til auka forskjellar blant folk, og kan bidra til at vi får eit Noreg vi ikkje vil ha. Altså eit Noreg med større klasseforskjellar enn det vi har idag. Det trur eg er eit scenario som dei færraste som bur i Noreg ønskar.  Det er også slik at effekta av skattekutta heller ikk...