Posts

Showing posts from December, 2024

Klimaforhandlingane

I november 2024, vart det avhaldt det 29. klimatoppmøtet i historia, i Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan. Forkortinga av dette klimatoppmøtet er COP29. COP står for "Conference of the parties". Det kallast på norsk partsmøte, altså årlege møtar for dei landa som har ratifisert klimaavtalane, som er FNs klimakonvensjon, Kyotoavtalen og Parisavtalen. Eg veit ikkje om eit land må ha ratifisert alle tre klimaavtalane for å vere med på COP, men eg vil anta at dei i alle høve må ha ratifisert Parisavtalen. Sidan 1995 har det vore avhaldt klimatoppmøtar på årleg basis. Det første møtet vart avhaldt i Berlin i Tyskland i 1995.  Grunnlaget for desse klimatoppmøta er FNs klimakonvensjon, som vart utarbeida under FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro i 1992. Det heile starta med Stockholmskonferansen i Stockholm i 1972, som handla om menneskeleg miljø. Dette var den første miljøvernkonferansen under FN.  I 1987 kom rapporten "Vår felles framtid" (Our common futu...