Israel-Palestina konflikta
Den 7. oktober 2023, gjekk Hamas til eit grufullt angrep mot Israel, og drepte rundt 1200 israelarar. Angrepet er det verste angrepet mot sivile jødar, sidan Holocaust. Israel gjekk raskt til militært motangrep mot palestinarane, og Israel har uttalt at dei vil fortsetje det militære motangrepet til Hamas er utsletta. Det militære motangrepet til Israel er brutalt, og hittil har over 30000 palestinarar blitt drepne og over 70000 palestinarar blitt skadde, ifølgje palestinske helsemyndigheitar. Ser ein på tala over antall drepne på henhaldsvis israelsk og palestinsk side, så ser ein at dette er veldig disproporsjonalt. Israel har gjennom konflikta mellom Israel og Palestina, sidan Israel vart ein sjølvstendig stat i 1948, stort sett alltid gjengjeldt seg mykje verre, og i mykje større omfang mot palestinarane, enn det palestinarane har gjort mot Israel. Dette visar at det er ei assymetrisk konflikt, der Israel er den sterke parten, med sterk støtte frå USA og fleire and...