Russlands brutale framferd i Ukraina
Krigen i Ukraina har vart i over 4 månadar no. Det er berre nitrist. Eg kan ikkje forestille meg kor grusomt det må vere for den ukrainske befolkninga å oppleve dette. Dessverre, så verkar det som om folk her i Noreg, har blitt vant til denne nye situasjonen, og kanskje ikkje engasjerar seg like mykje i saka som i starten. Utan at folk engasjerar seg i Ukraina-krigen, blir det vanskelegare å få ein slutt på krigen. Eg vil i det følgjande, prøve å gi ei forklaring på det eg meinar er grunnane til at Russland har invadert Ukraina. Eg vil nemne tre grunnar som eg trur er viktige, med tanke på at Russland har invadert Ukraina. Denne informasjonen er tatt frå det eg har fått med meg om Ukraina-krigen, gjennom mediar, og kva folk har sagt om denne krigen. Den første grunnen, er at Russland vil gjenreise seg sjølve som supermakt/ imperie. Russland (då Sovjetunionen), var ein av fire sigarherrar etter andre verdskrig (dei fire var, USA, Russland (då Sovjetunionen), Storbritannia, og Frank...