Aasen-utvalet sitt forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning
I april 2021, vart det sat ned eit utval leia av tidlegare Arbeidarparti-politikar, Marianne Aasen, som skulle sjå på moglege forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning. Utvalet la fram sin rapport 1. desember 2022. Utvalet heitte Opptaksutvalet. Eg er svært bekymra for dette nye forslaget til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, og eg er svært skuffa over kva utvalet har kome fram til av forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning. Opptaksutvalet foreslår å fjerne alle alders- og tilleggspoeng, og dei foreslår også å ta bort moglegheita til å forbetre karakterar. Eg er forferda over forslaga til dette Opptaksutvalet, og eg følar at dette forslaget til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, mest av alt vil knuse unge menneskar sine draumar. Eg er veldig redd for at dette forslaget til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning, vil hindre delar av befolkninga adgong til høgare utdanning, og at det vil skape mykje større sosiale forskjellar i...