Mitt inntrykk av Støre-regjeringa hittil

No er det snart stortingsval igjen, og Støre-regjeringa har regjert i snart fire år. Eg følar at Støre-regjeringa har hatt ei oppadgåande utvikling dei fire siste åra.

Det var mykje motbør for Støre-regjeringa dei første åra av denne fire-års perioden, og Ukraina-krigen, straumkrisa, og korona-etterdønningar bidrog til dette.

Etterkvart så følar eg at Jonas Gahr Støre har blitt meir varm i trøya som statsministar, og hans regjering har blitt tryggjare i rolla. 

Eg skreiv jo det i det første blogginnlegget mitt, der eg skreiv om kor kvalifisert eg synes Jonas Gahr Støre var til å bli statsministar, før han vart statsministar, at eg var så lei av å høyre negative nyhende frå mediane om Jonas Gahr Støre.  

Og eg følar at denne straumen av negative nyhende om Jonas Gahr Støre fortsatte etter at han vart statsministar. Faktisk så fortsatte den negative straumen av negative nyhende om Jonas Gahr Støre, nesten heilt fram til Senterpartiet gjekk ut av regjering 4. februar 2025.

Etter dette følar eg at Jonas Gahr Støre har blitt meir respektert, anerkjent, og framsnakka av den norske befolkninga.

Det kan hende at dette har samanheng med Stoltenberg-effekta, at Jens Stoltenberg trådte inn i Støre-regjeringa, etter å ha vore NATOs generalsekretær i 10 år, som ny finansministar, den 4. februar 2025, og at det bidrog til auka popularitet for heile Støre-regjeringa.

Eg trur Stoltenberg-effekta spelte inn, men mest av alt trur eg at Jonas Gahr Støre har jobba langsiktig, grundig, og klokt i heile sine statsministarperiode så langt, og difor etterkvart har fått anerkjenning for denne måten han har jobba på.

Men eg sa jo det tidlegare at eg skulle både kome med kritikk av Støre-regjeringa hvis det var naudsynt, og også skrive om positive ting som Støre-regjeringa gjer. 

Det eg er mest kritisk til med Støre-regjeringa, er det nye opptakssystemet for høgare utdanning. Eg synes at det er skammeleg at ei Arbeidarparti- og Senterparti- regjering på venstresida i norsk politikk kan stå bak denne triste prosessen. 

Eg veit ikkje om dei nye reglane er vedtatt enno, men det Støre-regjeringa ønskar, og som eigentleg Solberg-regjeringa satte igong, ved å oppnemne Aasen-utvalet, som eg har skrive om i eit tidlegare blogg-innlegg (Aasen-utvalet la fram eit forslag til eit nytt opptakssystem for høgare utdanning i 2022), er å få unge menneskar raskare ut i høgare utdanning og raskare ut i jobb. 

Eg må vere heilt ærleg og seie at eg synes ikkje det er noko bra å byrje å studere rett frå vidaregåande, slik som dette nye opptakssystemet oppmuntrar til. Grunnen til dette er som eg tidlegare har nemnt, at mange som går rett frå vidaregåande til studiar, ofte endar opp med å velje feil studie, fordi dei ikkje er moden nok mentalt til å ta det rette valet. Eg har som sagt sett mange eksemplar på personar som har gått rett frå vidaregåande, og som har tatt feil studieval.

I tillegg risikerar ein at ein ikkje får noko pause i livet før ein blir pensjonist.

Å ta friår etter vidaregåande opnar opp for heilt unike moglegheitar knytta til opplevingar, reising, og nye bekjentskapar, som ikkje er like lett å få til seinare i livet. 

Det fins veldig mange flotte program som ein kan ta for dei som ønskar friår etter vidaregåande. Blant anna er folkehøgskule eit slikt flott tilbod, som har gitt mange unike opplevingar for mange unge, gjennom mange tiår. Det er ei skam at Støre-regjeringa tek bort tilleggspoeng for folkehøgskule. 

Eg synes det er ei katastrofe at Støre-regjeringa oppmuntrar unge menneskar til å byrje å studere rett frå vidaregåande, både med tanke på at dette truleg vil leie til at fleire unge menneskar vil ta feil studieval, men også fordi det blir mykje vanskelegare vilkår for dei mange tilbydarane av slike program for friår etter vidaregåande, og at det kanskje også blir vanskelegare å få Lånekassestøtte til dei friårprogramma som er godkjend for Lånekassestøtte. Dette er veldig trist.

Eg forstår at ein med det nye opptakssystemet for høgare utdanning, vil unngå at unge menneskar brukar mange år på å ta opp fag, men er det ikkje mogleg å hellar setje eit tak på kor mange år ein kan bruke på å ta opp fag?

Eg følar at det dette nye opptakssystemet for høgare utdanning gjer meir enn noko anna, er å knuse draumane til unge menneskar. Det er sørgjeleg. 

Noreg hadde verdas beste og mest progressive utdanningssystem, men no har konservative kreftar snart kanskje øydelagt noko av det som gjorde Noreg så unikt. Nemleg at vi hadde eit opptakssystem for høgare utdanning, som var meint for dei mange, og ikkje for dei få. No får vi i verste fall eit opptakssystem for høgare utdanning som favoriserar dei som er mest priviligerte frå før av, og som gjer det vanskelegare for dei fleste å ta høgare utdanning. 

Dette er det eg er mest kritisk til med Støre-regjeringa, sjølv om eg ikkje veit om desse endringane har blitt eller blir vedtatt eller ikkje. Eg håpar verkeleg ikkje desse endringane blir vedtatt, og hvis dei mot formodning blir vedtatt, så håpar eg at Støre-regjeringa beheld tilleggspoeng for folkehøgskule. 

Når eg no har vore kritisk til Støre-regjeringa, så vil eg også benytte anledninga til å belyse noko dei  har gjort som eg synes er positivt. 

Eg vil seie at Støre-regjeringa har handtert Ukraina-krigen på ein relativt god måte. Dei var tidleg på bana med å sende militær støtte til Ukraina, og gjorde ein endring i norsk utanrikspolitikk, om å sende våpen til områdar i krig, sjølv om det tidlegare var retningslinjar i Utanriksdepartementet om at Noreg ikkje skulle sende våpen til områdar i krig, eller områdar der krig truar, eller områdar der det er borgarkrig.

Støre-regjeringa har også gjort ein god jobb med å ta imot mange ukrainske flyktningar. Det har kome over 90000 ukrainske flyktningar til Noreg etter den russiske invasjonen av Ukraina i 2022. Eg synes det er bra at Støre-regjeringa og Noreg har tatt imot så mange ukrainske flyktningar. 

Eg synes også at Nansen-programmet, som er det militære og sivile støtteprogrammet til Ukraina, på grunn av Russland sin invasjon av Ukraina i 2022, er noko av det beste Støre-regjeringa har fått til. Dette programmet har ei ramme på 205 milliardar i perioden mellom 2023-2030, og i mars 2025, vart budsjettet ytterlegare auka med 50 millardar kronar. Dette er veldig bra. 

Likevel er det grunn til å vere kritisk til at Støre-regjeringa ikkje har fått til meir med Oljefondet sine investeringar i Russland. Det er bra at dei tre dagar etter den russiske invasjonen av Ukraina, sa at Oljefondet sine investeringar i Russland skulle bli fryst, og at dei skulle selje aksjane. Men det er dårleg at dei per august 2025 berre har klart å selje seg ut av 3 russiske selskåpar, og fortsatt står med eigarandelar i 46 russiske selskåpar. 

Imidlertid, så synes eg at Støre-regjeringa på ein måte har klart å balansere å vere fordømande og tøff mot Russland og den russiske invasjonen av Ukraina, samstundes som at Støre-regjeringa har vore bevisst på at vi er naboland med Russland, og difor har gjort klokt i å ikkje sende norske soldatar til Ukraina foreløpig. 

Eg synes samla sett at Støre-regjeringa har gjort mykje bra, som anerkjennelse av Palestina, grunnrenteskatt på havbruk, det å gå inn som observatør på statspartsmøtane til Traktaten om forbod mot kjernevåpen, og som nemnt handteringa av Ukraina-krigen. Støre-regjeringa fortenar ros for å ha leia Noreg trygt gjennom ei krevjande tid. 

Det blir spanande med stortingsval den 8. september 2025. 

Eg skreiv jo det at målet mitt med den politiske bloggen var å gjere ein liten forskjell med tanke på stortingsvalet i 2021, og å gjere eit lite mikrobidrag til at det vart regjeringsskifte, og gjere eit lite mikrobidrag til at Jonas Gahr Støre vart statsministar. Om eg gjorde eit mikrobidrag det veit eg ikkje, men det vart i alle høve regjeringsskifte og Jonas Gahr Støre vart statsministar. 

No er mitt nye mål, at eg med den politiske bloggen min, igjen skal gjere eit mikrobidrag til at Jonas Gahr Støre blir gjenvalt som statsministar, og at Støre-regjeringa blir gjenvalt. 

Eg vil oppmuntre dokke til å stemme raudgrønt, fordi Støre-regjeringa har den mest inkluderande, solidariske, og rettferdige politikken av dei to blokkane på Stortinget, og dei har som sagt vist at dei kan styre Noreg gjennom vanskelege tidar i ei uroleg verd. 

Eg skal vere forsiktig med å oppmuntre til taktisk stemmegivning, men det kan vere lurt å stemme på Miljøpartiet dei grøne og Raudt også, i tillegg til å stemme på Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, fordi Støre-regjeringa kan bli avhengig av støtte frå Raudt og Miljøpartiet dei grøne, og då er det viktig at desse to partia kjem over sperregrensa. 

Det klart beste er faktisk stemmegivning, men av og til kan taktisk stemmegivning ha noko for seg. 

Eg meinar at Jonas Gahr Støre, og Støre-regjeringa er dei beste til å leie Noreg vidare.

Eg ønskar dokke eit riktig godt val.    

 


Comments

Popular posts from this blog

Støre-regjeringa vart gjenvalt

Ukraina og Gaza