Presidentvalet i USA 2024
Tysdag den 5. november 2024, er det duka for det 60ande presidentvalet i USAs historie. Dette presidentvalet blir kanskje eit av dei viktigaste presidentvala i USAs historie. Dette fordi det står om retninga på USAs og verdas framtid. USA har dessverre blitt eit djupt splitta land, som berre har blitt meir splitta etter at Donald Trump kom på bana i 2015, som presidentkandidat, og deretter som president mellom 2017-2021. Ved presidentvalet i 2024, er Trump republikanaranes presidentkandidat for tredje gong. Trump representerar yttarfløyen i det republikanske partiet, altså høgrefløyen i det republikanske partiet. Eg vil seie at han ikkje representerar grunnfjellet i det republikanske partiet. Fleire framtredande republikanarar har tatt avstand frå Trump. Det at Trump representerar høgrefløyen og i det republikanske partiet, gjer at avstanden til vanlege republikanarar og avstanden til demokratane har blitt større, og det har truleg gitt grobunn for auka splitting i USA. Trum...