Posts

Showing posts from February, 2022

Russlands invasjon av Ukraina

Torsdag den 24 februar 2022 skjedde det ein tragedie. Russland gjorde alvor av planane sine, og invaderte Ukraina. Ein uakseptabel handling, og eit klart brot på FN-charteret og folkeretten. Russland har møtt ein unison fordømming frå det internasjonale samfunnet. Det har lagt i korta lenge at Russland ville invadere Ukraina, men likevel så er det uverkeleg at dei faktisk gjorde det.  Russlands invasjon av Ukraina gir oss grufulle minnar frå andre verdskrig, då Tyskland invaderte Polen, og deretter fortsatte å invadere andre land i Europa. Eg trur ikkje Russland vil invadere andre land i denne omgong, men det er viktig å hugse på fortida når ein skal handtere denne krigen, og prøve å få Russland til å stoppe invasjonen og trekkje seg attende, og prøve å unngå at det utviklar seg til ein storkrig. Det var krig på Balkan på 1990-talet, men utanom det så er dette første gong det er krig på det europeiske kontinent sidan andre verdskrig.  Vesten og NATO legg skulda på Russland for...