Presidentvalet i USA 2024

Tysdag den 5. november 2024, er det duka for det 60ande presidentvalet i USAs historie. Dette presidentvalet blir kanskje eit av dei viktigaste presidentvala i USAs historie. Dette fordi det står om retninga på USAs og verdas framtid.

USA har dessverre blitt eit djupt splitta land, som berre har blitt meir splitta etter at Donald Trump kom på bana i 2015, som presidentkandidat, og deretter som president mellom 2017-2021. Ved presidentvalet i 2024, er Trump republikanaranes presidentkandidat for tredje gong. 

Trump representerar yttarfløyen i det republikanske partiet, altså høgrefløyen i det republikanske partiet. Eg vil seie at han ikkje representerar grunnfjellet i det republikanske partiet. Fleire framtredande republikanarar har tatt avstand frå Trump. 

Det at Trump representerar høgrefløyen og i det republikanske partiet, gjer at avstanden til vanlege republikanarar og avstanden til demokratane har blitt større, og det har truleg gitt grobunn for auka splitting i USA.

Trump har fronta innvandring som tema, sterkt i denne valkampen, og det er noko han tenar på. Han vil fullføre den muren mot Mexico, som såvidt er påbegynt, og som han gjekk til val på å byggje, i presidentvalkampen i 2016. I tillegg vil han deportere 11 millionar ulovlege innvandrarar.

Eg synes ikkje at det er ein god ide at naboland skal bli skilt av ein stor mur. Det må vere andre måtar å løyse problemet med ulovleg innvandring på.

Det er kanskje meir rimeleg at dei ulovlege innvandrarane skal bli deportert. Men samstundes så representerar dette ein inhuman innvandringspolitikk. 

Det er kanskje betre som president Joe Biden og visepresident Kamala Harris, har jobba for, nemleg at dei 11 millionane med ulovlege innvandrarar, kan få rett til amerikansk statsborgerskap, gjennom ein veg til lovleg og permanent opphald. 

Imidlertid, så tels det ikkje bra for demokratane sin presidentkandidat, Kamala Harris, at ho gjorde ein dårleg jobb, med tanke på at ho hadde ansvar, som visepresident, av å finne ut av dei bakenforliggjande årsakane til den ulovlege innvandringa frå Latin-Amerika. 

På den andre sida, så synes eg at Harris har mykje god politikk, som kunne vore bra for USA. Ho vil auke skattane for dei rikaste, og bruke pengane på velferdstiltak som skal styrke middelklassa. Harris vil gjeninnføre den nasjonale retten til abort, slik at delstater ikkje kan innføre eigne forbod.

Trump på si side, vil ha store skattelettelsar til alle, og vil auke toll på dei fleste importerte varar. Dette for å hjelpe amerikanske selskapar, industri, og amerikanske folk. Problemet er berre at skattelettelsane vil auke forskjellane mellom folk i USA, eit land som allereie er sterkt prega av store forskjellar mellom folk. Trump vil at det fortsatt skal vere opp til delstatane å bestemme, om dei skal ha abortforbod eller ikkje. 

Eg er bekymra for Project 2025. Dette er eit konservativt manifest, som det er planlagt at den neste konservative presidenten, skal jobbe for å iverksetje. Trump er nemnt mange gongar i dette manifestet.

Det er mange urovekkjande forslag i dette manifestet, som f.eks at det føderale utdanningsdepartementet leggjast ned, at bevilgningar til fornybar energi kuttast, at abortpilla Mifepriston trekkjast frå marknaden, og at begrep som seksuell orientering, likestilling og abort fjernast lovverket.

Sjølv om dette er USA sitt val, så er dette også eit val som kan få store følgjar for verda som heilheit.

Trump trua jo med å trekkje USA ut av samarbeidet i NATO, då han var president. Og eg er redd for at Trump vil redusere eller i verste fall ta bort den militære støtta til Ukraina. 

Trump har sagt at hvis han blir president på nytt, så kan han løyse Ukraina-krigen på 24 timar. Dette verkar høgst usannsynleg, og det er nok eit teikn på at Trump, ønskar å gi etter for Putin sine krav ovanfor Ukraina, og gi etter for at Russland i verste fall, skal vinne krigen over Ukraina. 

Dette vil vere skjebnesvangert for Ukraina, og det er jo utruleg viktig at Ukraina overlev som sjølvstendig nasjon. Kamala Harris på si side har sagt at ho vil støtte Ukraina. 

Skulle Russland i verste fall, vinne krigen mot Ukraina, så vil det true den regelbaserte, liberale verdsordenen, der blant anna militær maktbruk mot andre statar er ulovleg. 

Skulle Russland i verste fall, vinne krigen mot Ukraina, så kan det hende at Russland vil angripe andre statar som grensar til Russland, og med Trump sin litt isolasjonistiske linje i utanrikspolitikken, så er det ikkje sikkart at USA vil gi militær støtte til land som Russland i verste fall kan angripe, slik Biden har gjort ovanfor Ukraina. 

Dette er farleg for Europa, og dei statane som grensar til Russland. 

I tillegg kan dette inspirere og motivere andre statar til å bruke militær makt mot andre statar. Dette vil vere svært katastrofalt for verda, og det vil gjere verda meir anarkisk.

Vi har sett etter Russlands invasjon av Ukraina, at NATO er viktigare enn nokon gong. Då er det negativt med ein potensiell amerikansk president, altså hvis Trump blir valt som president den 5. november, som er litt tilbakehalden til NATO-samarbeidet.

Det ville vere veldig farleg for Europa, hvis Trump svekkjar USA si viktige rolle i NATO, og i verste fall ikkje lengar står ved si forplikting etter artikkel 5. i NATO-pakta, at eit angrep mot eitt medlemsland, er å rekne som eit angrep mot alle medlemsland.

Noreg, for eksempel, er heilt avhengig av at USA, hadde gripe inn og stilt opp for Noreg, militært, etter artikkel 5. i NATO-pakta, hvis Russland i verste fall, og mot formodning, hadde angripe Noreg.

Til sist, så bryr ikkje Trump seg nemneverdig om klima. Han tok USA ut av Parisavtalen då han var president. Så tok Biden USA inn igjen i Parisavtalen. No vil Trump trekkje USA ut av Parisavtalen igjen, hvis han blir president.

Trump set USA først, og tenkar ikkje så mykje på klima- og miljømessige konsekvensar av USA si framferd, for resten av verda.

Harris snakkar også lite om klima i valkampen, men eg veit at ho støttar klimasaka. 

Presidentvalet 2024 i USA, blir eit skjebneval for USA og for verda, mykje står på spel, det kan få store konsekvensar for amerikanarar, og også for menneskar langt utanfor USA sine landegrensar, og la oss for all del håpe at Kamala Harris vinn valet.  

Comments

Popular posts from this blog

Støre-regjeringa vart gjenvalt

Ukraina og Gaza

Mitt inntrykk av Støre-regjeringa hittil