Posts

Showing posts from December, 2020

Sentraliseringa til Solberg-regjeringa skadar distrikta

Kva har eigentleg Solberg-regjeringa fått gjennomført i løpet av snart 8 år? Når eg tenkar meg om så klarar eg ikkje kome på stort meir enn den ørkeslause sentraliseringa som har spreidd seg over Noregs land. Det som slår meg umiddelbart er kommune- og regionreforma. Det ser ut til å bli 72 færre kommunar i Solberg-regjeringa si kommunesamanslåingsrunde. Tidlegare har det vore ein kommunereform frå 1957 til 1967 der enno fleire kommunar vart borte. I kommunereforma frå 1957 til 1967 vart antall kommunar redusert med 290 frå 744 til 454. Så til samanlikning er ikkje 72 færre kommunar i denne kommunesamanslåingsrunda så mykje som antall kommunar som forsvann frå 1957 til 1967.  Og eg skal innrømme at eg kan ha ein viss forståing for at enkelte kommunar blir slått saman. Men eg er imot måten det gjennomførast på. Eit godt eksempel på dette er heimbyen min Ålesund, der Ålesund har blitt slått saman med små omkringliggjande kommunar. Ålesund har blitt slått saman med Haram, Sandøy, Skod...