Olje-, gass- og kol, - elefantane i rommet
Som eg har nemnt på facebook, så skal denne bloggen ikkje berre innehalde regjeringskritiske innlegg. Eg sa også at eg skulle skrive om tema som interesserar meg. I denne posten skriv eg om eit tema som interesserar meg, men eg må innrømme at det også indirekte går litt over i å vere eit regjeringskritisk innlegg. Det var litt vanskeleg å skilje regjeringskritiske innlegg og innlegg der eg berre skriv om tema som interesserar meg. Eg skal prøve seinare å skrive eit innlegg der eg berre skriv om eit tema som interesserar meg utan at det skal vere regjeringskritisk (altså kritisk til Solberg-regjeringa). Vi har akkurat starta overgongen til eit nytt tiår. Det førre tiåret var i stor grad prega av klimakrisa, som den kanskje viktigaste og mest presserande saka. Det internasjonale samfunnet klarte å bli einige om Parisavtalen i desember 2015, ein internasjonal avtale der alle land har forpliktelsar, i motsetnad til i Kyotoprotokollen der det berre var dei rike landa som ha...