Støre-regjeringa vart gjenvalt
Den 8. september 2025, var ein stor dag for Noreg. Støre-regjeringa vart gjenvalt, og Jonas Gahr Støre fortset som statsministar. Det er ganske imponerande med tanke på korleis det såg ut i desember 2024. Arbeidarpartiet hadde 14,2% i ei måling for desember 2024, og Sentarpartiet havna under sperregrensa i ei måling for desember 2024.
No gjekk jo Sentarpartiet ut av Støre-regjeringa den 4. februar 2025, men det såg ikkje lyst ut for noko fortsetjing av raudgrøn regjeringsmakt etter stortingsvalet 2025.
Arbeidarpartiet og dei andre raudgrøne partia fekk fleirtal ved Stortingsvalet 2025, mykje takka vere at at alle dei andre raudgrøne partia på Stortinget klarte å kome seg over sperregrensa.
Det var særleg usikkarheit om MDG ville klare å kome seg over sperregrensa, sidan dei ikkje har klart å kome seg over sperregrensa før.
Så ein kan hevde at MDG redda Støre-regjeringa, særleg med tanke på at Venstre kom under sperregrensa.
Støre-regjeringa fortset no, som frå 4. februar 2025, med Arbeidarpartiet åleine i regjering. Den nye fleirtalskonstellasjonen blant dei raudgrøne partia, kallast tutti-frutti partia. Eg trur at det kallast tutti-frutti partia, fordi det er fem ulike partiar, med litt forskjellige meiningar, som skal samarbeide i fellesskåp.
Det er første gong i norsk historie at eit regjeringsfleirtal består av fem partiar.
Det er imidlertid utfordrande når fem parti skal bli einige for å få fleirtal i ulike sakar.
Dette ser ein tydeleg på statsbudsjettet for 2026 som det var stor ueinigheit om heilt fram til denne veka.
MDG og SV slutta ikkje opp om om statsbudsjettet, då Raudt, Sentarpartiet og Arbeidarpartiet slutta opp om det på laurdag den 29. november.
MDG og SV stilte fleire krav til Arbeidarpartiet for å kunne slutte opp om statsbudsjettet.
Natt til onsdag den 3. desember vart dei fem partia endeleg einige.
Det var særleg MDG som fekk mange gjennomslag i sluttfasen av forhandlingane, og fekk blant anna gjennomslag for at det skal opprettast ein omstillingskommisjon, som skal sjå på omstillinga av norsk økonomi, med særleg henblikk på avtakande olje- og gassproduksjon.
Denne omstillingskommisjonen er noko eg støttar fullt opp om.
Det kjem nok til å bli meir krevjande for Støre-regjeringa å kome seg gjennom den noverande stortingsperioden, enn den førre stortingsperioden, fordi då hadde Støre-regjeringa fleirtal med Sentarpartiet og SV. No må Støre-regjeringa også ha støtte frå Raudt og MDG for å få fleirtal. Men det verkar likevel som at dei fem partia er samarbeidsvillige, så eg håpar verkeleg at Støre-regjeringa og tutti-frutti partia kjem seg gjennom den noverande stortingsperioden med gode resultat.
Eg er veldig glad og takksam for at Støre-regjeringa vart gjenvalt og at Jonas Gahr Støre vart gjenvalt som statsministar. Eg håpar at den politiske bloggen min kan ha bidratt til å vippe enkelte veljarar over frå borgarleg side til raudgrøn side.
Men sidan eg ikkje annonserte før det nest siste blogginnlegget mitt den 31. august 2025, at det nye målet mitt med den politiske bloggen min var å gjere eit mikrobidrag til at Støre-regjeringa vart gjenvalt, og at Jonas Gahr Støre vart gjenvalt som statsministar, så er det ikkje sikkart at det var så mange som fekk det med seg. Men det nye målet eg annonserte den 31. august 2025, har jo heile tida vore det same som det første målet eg hadde i 2020 då eg starta den politiske bloggen min, om at Jonas-Gahr Støre skulle bli statsministar og danne regjering, og at denne regjeringa skulle bli gjenvalt og fortsetje så lenge dei gjer ein god jobb.
Sjølv om eg nok har hatt minimal påverknadskraft med den politiske bloggen min, så vart i alle høve måla mine nådd, med at Støre-regjeringa vart gjenvalt, og at Jonas Gahr Støre vart gjenvalt som statsministar.
Eg vil fortsetje med den politiske bloggen min så lenge Støre-regjeringa styrar Noreg, og eg vil fortsetje å skrive både positive ting om Støre-regjeringa og også skrive kritiske ting om Støre-regjeringa hvis det blir naudsynt, og eg vil også fortsetje å skrive om tema som interesserar meg, særleg om internasjonale tema.
Comments
Post a Comment