Posts

Showing posts from October, 2020

Regjeringa bryr seg ikkje om dei store spørsmåla i vår tid, som klima, fattigdom og migrasjon

Mitt inntrykk er at denne regjeringa er mest opptatt av å skape økonomisk vekst, gi skattelettelsar til dei rikaste, og sentralisere Noreg. Det verkar som om regjeringa ikkje bryr seg om dei store spørsmåla i vår tid, som klima, fattigdom, og migrasjon. Når det gjeld klima, så meinar eg at regjeringa ikkje tek klima på alvor. Dei har fått Noreg med i Paris-avtalen i 2015, og det er vel og bra. Dei har også i februar 2020 meldt inn eit ambisiøst klimamål på å redusere klimagassutsleppa i Noreg med 50-55 prosent under Parisavtalen innan år 2030. Noreg var det første landet i den vestlege verda til å melde inn eit forsterka mål om klimakutt under Parisavtalen. Dette er forsåvidt veldig bra. Men det hjelp på ein måte ikkje så mykje når regjeringa samstundes opnar nye oljefelt og bygg nye motorvegar. Oljeavhengigheita til Noreg består, og det er også opna for oljeboring i sårbare områder under Solberg-regjeringa. Klimagassutsleppa har dessverre auka under Erna Solberg. Når det gjeld fattigd...