Israel-Palestina konflikta
Den 7. oktober 2023, gjekk Hamas til eit grufullt angrep mot Israel, og drepte rundt 1200 israelarar. Angrepet er det verste angrepet mot sivile jødar, sidan Holocaust.
Israel gjekk raskt til militært
motangrep mot palestinarane, og Israel har uttalt at dei vil fortsetje det
militære motangrepet til Hamas er utsletta. Det militære motangrepet til Israel
er brutalt, og hittil har over 30000 palestinarar blitt drepne og over 70000
palestinarar blitt skadde, ifølgje palestinske helsemyndigheitar.
Ser ein på tala over antall
drepne på henhaldsvis israelsk og palestinsk side, så ser ein at dette er
veldig disproporsjonalt. Israel har gjennom konflikta mellom Israel og
Palestina, sidan Israel vart ein sjølvstendig stat i 1948, stort sett alltid
gjengjeldt seg mykje verre, og i mykje større omfang mot palestinarane, enn det
palestinarane har gjort mot Israel.
Dette visar at det er ei
assymetrisk konflikt, der Israel er den sterke parten, med sterk støtte frå USA
og fleire andre vestlege land, mens palestinarane er den svake parten, som
ikkje har så mange eller sterke støttespelarar.
Palestinarane har ikkje eingong
ein eigen sjølvstendig stat. Israel gjer sitt beste for å motarbeide at det
skal bli oppretta ein eigen sjølvstendig stat for palestinarane.
I romjula 2023, anklaga
Sør-Afrika, Israel, til Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ), for å begå
folkemord mot palestinarane. Sør-Afrika uttalte under høyringa at Israel med
viten og vilje har skapt ulevelege forhold på Gazastsripa. Sør-Afrika sa også
at Israels intensjon om å øydeleggje Gaza "har blitt pleia frå høgaste
statleg nivå". Sør-Afrika ber også om at FN-domstolen beordrar stans i
krigføringa.
Israel og Israels
statsministar, Benjamin Netanyahu, svarte på anklagane til Sør-Afrika, med å
seie at Israel ikkje vil la seg stanse av Den internasjonale domstolen (ICJ),
frå å fortsetje krigen i Gaza "til full sigar". Netanyahu sa også: "Ingen
vil stoppe oss - ikkje Haag, ikkje ondskapens akse, ingen". Netanyahu
lovar at Israel vil fortsetje kampen i Gaza til "total sigar".
Eg synes desse uttalelsane frå
Israels statsministar, Benjamin Netanyahu, er svært urovekkjande. Det er ganske
hensynslaust ovanfor palestinarane.
Det er forståeleg at Israel
ønskar å verne seg mot stadige rakettangrep frå Hamas, og det er forståeleg at
Israel ønskar å verne seg mot at Hamas kan begå liknande grufulle angrep mot
Israel, som Hamas gjorde den 7. oktober 2023.
Men dette ønsket frå Israel si
side om å verne seg mot angrep frå Hamas, kan ikkje rettferdiggjere den brutale
krigføringa som Israel begår på Gaza no. Israel ønskar å tillintetgjere Hamas,
men det trur eg ikkje dei vil klare med militære midlar.
Hvis Israel fortset si brutale
krigføring på Gazastripa, vil mange fleire palestinarar bli drepne og skadde.
Den internasjonale domstolen i
Haag (ICJ), konkluderte i januar 2024, med at Israel truleg bryt
folkemordkonvensjonen. Jo lengar Israel fortset med si brutale krigføring på
Gaza, jo meir vil det sjå ut som eit folkemord.
Ein viktig grunn til at verdssamfunnet står og ser på at Israel truleg begår folkemord mot palestinarane, er pga. USA
si urokkelege støtte til Israel. USA si ganske einsidige støtte til Israel, er
eit hindar for å få til varig fred mellom Israel og palestinarane, og det er
eit hindar for å få oppretta ein eigen sjølvstendig stat for
palestinarane.
Israel kan hellar ikkje
rettferdiggjere si brutale krigføring på Gaza, på bakgrunn av dei stadige angrepa frå palestinarane og no seinast det grufulle angrepet frå Hamas den 7. oktober 2023, fordi Israel står bak ein brutal okkupasjon av Vestbredden og Israel står bak ein inhuman blokade av Gaza. Dette gjer at Israel nesten må forvente at palestinarane stadig angrip Israel. Israel
undertrykkjar, kontrollerar, og stigmatiserar palestinarane. Det er no berre ein
liten del igjen av landområdet til palestinarane, etter at Israel gjennom
fleire krigar, har kriga til seg meir og meir territorium, på bekostning av
palestinsk territorium.
Israel driv apartheid mot
palestinarane, som inneber at palestinarane blir undertrykt, diskriminert, og
forfulgt på rasistisk grunnlag, basert på deira identitet som palestinarar.
Innan folkeretten anses apartheid for å vere ein forbryting mot menneskeheita.
Eg håpar at Israel si brutale
krigføring på Gaza, snart tek slutt, og at Israel-Palestina konflikta blir
løyst, og at det kan oppnås varig fred mellom Israel og palestinarane, gjennom ei tostatsløysing, der
palestinarane kan få oppretta ein eigen sjølvstendig palestinsk stat.
Comments
Post a Comment