Introduksjon til min politiske blogg
Etter ca. 1 år er eg ferdig med det eg skulle gjere innan stortingsvalet 2021. Nemleg å skrive eit blogginnlegg kvar andre månad frå august 2020 til august 2021. Grunnen til at eg ikkje skriv eit nytt blogginnlegg i september 2021, er fordi eg har hatt to månadars mellomrom mellom kvart innlegg. Og når eg starta å skrive blogginnlegg i august 2020, så vart det med tomånaders-frekvens naturleg at det siste innlegget kom i august 2021. Sidan august 2020, har eg skrive 7 blogginnlegg, og denne introduksjonen blir det 8 blogginnlegget. Det er kanskje litt rart at eg skriv introduksjonen til den politiske bloggen min etter blogginnlegget mitt om "8 år med Erna Solberg si regjering er nok", sidan det er det siste blogginnlegget eg har skrive. Beklagar så mykje, men eg burde eigentleg ha skrive denne introduksjonen som det første innlegget i den politiske bloggen min, men eg gløymte det dessverre av. Det hadde altså vore meir naturleg å skrive introduksjonen som det første blogginnl...