Ukraina og Gaza
Måndag den 8. september 2025, er den viktigaste dagen vi har hatt på lenge. Stortingsvalet 2025, representerar eit vegskilje for Noreg. Vi står ovanfor eit val mellom to veldig forskjellige retningar for vårt land, og også for ein forskjellig politikk mot resten av verda. I dette blogginnlegget vil eg fokusere på Ukraina og Gaza, som er dei to store brennpunkta i verda idag. Dette er to forferdelege krigar, som har haldt på altfor lenge. Desse to krigane visar menneskets tilbøyelegheit til ondskap. I Ukraina-krigen har vestlege land gjort ein formidabel jobb med å gi militær, humanitær og sivil støtte til Ukraina. Det har vore veldig flott å sjå korleis vestlege land har stilt opp for Ukraina, med både militært materiell, humanitær støtte, sivil støtte, og det å ta imot ukrainske flyktningar. Sjølv om altfor mange liv går tapt i krigen, så meinar eg at det rette sporet for Ukraina, er å fortsetje å krige med vestleg støtte. Dette fordi eg trur det er begrensa kor lenge Russland ka...