Russiske og belarusiske utøvarar bør ikkje få delta i sommar OL i Paris i 2024, eller vinter OL i Milano og Cortina d`Ampezzo i 2026

Unnskuld på det sterkaste, for at eg ikkje fekk skrive noko blogginnlegg, verken i desember 2022, eller i februar 2023:( Det er veldig dårleg av meg:( Grunnen til at eg ikkje fekk skrive noko blogginnlegg i desse to månadane, er at eg har vore veldig opptatt, og at eg har hatt veldig mykje å gjere:(

Eg sa jo det i introduksjonen min, frå august 2021, at eg skulle skrive blogginnlegg kvar andre månad, men det ser dessverre ut til at det er vanskeleg. Eg sa også det i introduksjonen min, at det kunne hende at hyppigheita på å skrive blogginnlegg annakvar månad, kunne gå over til at eg ville skrive blogginnlegg sjeldnare, og at eg måtte sjå an kor mykje tid eg hadde til rådigheit. 

No ser det dessverre ut til at eg ikkje har tid til å skrive blogginnlegg annakvar månad, så eg må nok gjere opp status i sommar (sommaren 2023), om kor ofte eg skal skrive blogginnlegg etter sommaren 2023. 

Eg vil gi dokke nærare beskjed om hyppigheita på mine blogginnlegg. Eg håpar uansett at dokke vil fortsetje å lese bloggen min. Det ville eg setje stor pris på. 

Her kjem dagens blogginnlegg: Eg har med tristheit, uro, og bekymring, fått med meg at IOC (den internasjonale olympiske komitè), vurderar å opne døra for russiske og belarusiske utøvarar til sommar OL i Paris i 2024, og til vinter OL i Milano og Cortina d`Ampezzo i 2026:(

IOC ønskar då å la russiske og belarusiske utøvarar delta under eit nøytralt flagg. Dette blir på ein måte, det same som skjedde med Russland, etter dei systematiske dopingavsløringane av Russland, etter vinter OL i Sotsji i 2014. Då vart Russland utestengt frå vinter OL i Pyeongchang i 2018, sommar OL i Tokyo i 2021, og vinter OL i Beijing i 2022. 

Men enkelte russiske utøvarar kunne likevel delta i vinter OL i Pyeongchang i 2018, under nøytralt flagg. Og russiske utøvarar kunne likevel delta i sommar OL i Tokyo i 2021, under nøytralt flagg, og russiske utøvarar kunne likevel delta i vinter OL i Beijing i 2022, under nøytralt flagg. 

Eg meinar at det blir heilt feil at russiske utøvarar skal kunne delta i sommar OL i Paris i 2024, og vinter OL i Milano og Cortina d`Ampezzo i 2026. 

Kva angår belarusiske utøvarar så er eg meir usikkar på kva som er rett og galt. Eg veit ikkje kva som er grunngjevinga for at belarusiske utøvarar også er utestengt frå internasjonale konkurransar. 

Men eg synes det er heilt uakseptabelt at russiske utøvarar, og moglegeins belarusiske utøvarar skal få delta i sommar OL i Paris i 2024, og vinter OL i Milano og Cortina d`Ampezzo i 2026. Russland burde vore utestengt frå fleire OL etter dopingskandalen til Russland, under vinter OL i Sotsji i 2014, og burde ikkje fått delta i sommar OL i Tokyo, eller i vinter OL i Beijing i 2022, i det heile tatt, ikkje eingong under nøytralt flagg. Eventuelt burde dei ikkje fått delta i sommar OL i Rio de Janeiro i 2016, eller vinter OL i Pyeongchang i 2018, i det heile tatt, ikkje eingong under nøytralt flagg. Det ville forsåvidt vere meir naturleg å utestengje Russland heilt (utan moglegheit til å delta under nøytralt flagg) frå sommar OL i Rio de Janeiro i 2016, og vinter OL i Pyeongchang i 2018, sidan det var dei to påfølgjande OL, etter vinter OL i Sotsji i 2014, då Russland vart avslørt for systematisk doping. Å utestenge Russland frå eitt sommar OL og eitt vinter OL, utan moglegheit til å delta under nøytralt flagg, hadde vore ei fornuftig straff, etter dopingskandalen til Russland, under vinter OL i Sotsji i 2014.

Krigen i Ukraina er ei nesten enno verre handling enn dopingskandalen til Russland, under vinter OL i Sotsji i 2014, sjølv om det er ei heilt anna type hending og handling, men denne gongen bør i det minste russiske utøvarar, og kanskje også belarusiske utøvarar, utestengjast heilt (utan moglegheit til å delta under nøytralt flagg) frå sommar OL i Paris i 2024, og vinter OL i Milano og Cortina d`Ampezzo i 2026, sjølv om krigshandlingane i Ukraina, eventuelt skulle opphøyre før sommar OL i Paris i 2024, eller før vinter OL i Milano og Cortina d`Ampezzo i 2026. 

IOC-president Thomas Bach, verkar til å vere ein god ven av Putin, og bør ta på seg mykje av ansvaret for at Russland ikkje har fått ei strengare straff etter dopingskandalen til Russland i vinter OL i Sotsji i 2014. No ser det ut til at Thomas Bach, igjen, prøvar å la Russland få sleppe billeg unna med ei mild straff, med tanke på den russiske invasjonen av Ukraina som starta, den 24. februar 2022. 

Eg synes difor at det er på tide at Thomas Bach går av som IOC-president. IOC kan ikkje ha ein president som ikkje slår hardt ned på doping og krig, som på kvar sin måte strid med dei olympiske verdiane.  


Comments

Popular posts from this blog

Støre-regjeringa vart gjenvalt

Ukraina og Gaza

Mitt inntrykk av Støre-regjeringa hittil