Trusselen om bruk av atomvåpen, frå Vladimir Putin

Unnskuld på det sterkaste, for at eg ikkje fekk skrive eit blogginnlegg i august 2022:( Eg var veldig opptatt i august 2022, og eg sleit med å finne ei vinkling til eit fjerde blogginnlegg om Ukraina:( Dette er første gongen eg ikkje har klart å skrive eit blogginnlegg, slik som eg har sagt at eg skulle gjere, med å skrive eit blogginnlegg annakvar månad:(

Her kjem dagens innlegg: "I ein situasjon kor vårt lands territoriale integritet er trua, og for å forsvare Russland og vårt folk, vil vi heilt klart gå til anvendelse av alle våpensystem som er tilgjengeleg for oss. Det er ikkje ein bløff." Dette sa Putin i ein TV-sendt tale den 21. september 2022. Som mange kommentatorar har vore inne på, så kan dette tolkast som ein trussel om å bruke atomvåpen frå Russland si side. 

Det går dårleg for Russland i krigen mot Ukraina, og Putin har ikkje råd til å tape krigen, så bruk av atomvåpen er kanskje ein siste utveg for Putin, for å vinne krigen. Og når Putin seiar at det ikkje er ein bløff, så bør vi nesten ta han på ordet. Det kan riktignok hende det er ein trussel, for å avskrekke Ukraina, NATO, USA og Vesten. 

Men ein kan jo sjå attende på tida før 24. februar 2022. Det var svært få som faktisk trudde på at Russland ville invadere Ukraina, sjølv om Russland hadde over 100000 soldatar stilt opp langs grensa til Ukraina, før invasjonen den 24. februar 2022. Men Russland og Putin gjorde likevel det utenkelege, og invaderte Ukraina den 24. februar 2022.

Det er difor eg meinar at ein bør ta Putins atomvåpentrussel på alvor, og gjere alt ein kan for å forhindre at Putin faktisk brukar atomvåpen. 

Jo dårlegare det går for Russland i krigen mot Ukraina, jo større er sjansen for at Putin vil bruke atomvåpen. 

Og hvis Russland mot formodning faktisk går til det steget og brukar atomvåpen, mot Ukraina, så må USA og NATO, svare på ein måte som gjer det tydeleg for Putin, at det er fullstendig uakseptabelt å bruke atomvåpen. Problemet er at det ikkje er så lett å vite korleis USA og NATO skal svare, hvis Putin faktisk går til det steget og brukar atomvåpen.

Å svare med atomvåpen frå Vesten si side på eit eventuelt atomvåpen-angrep mot Ukraina frå Russland si side, kan føre til ein atomkrig, der alle blir taparar. 

Å svare med å gå inn med ein vestleg militær intervensjon i Ukraina, hvis Russland brukar atomvåpen mot Ukraina, kunne vere eit alternativ, men både det å svare med atomvåpen frå Vesten si side, og å svare med ein vestleg militær intervensjon frå Vesten si side, hvis Russland brukar atomvåpen mot Ukraina, kan føre til ein storkrig, og i verste fall tredje verdskrig.

Om Putin går til det steget og brukar atomvåpen mot Ukraina, så kan ikkje Vesten berre stå og sjå på. Fordi der går grensa. Grensa har eigentleg gått for lenge sidan. 

Det er snakk om, les eg frå kommentatorar, at Russland vurderar å bruke taktiske atomvåpen mot Ukraina. Det er forskjell på taktiske og strategiske atomvåpen. Strategiske atomvåpen rammar i større omfang, og kan utslette heile byar. 

Men det er like alvorleg uansett om Russland, eventuelt vurderar å bruke taktiske atomvåpen, sjølv om dei rammar i mindre omfang enn strategiske atomvåpen. 

Det vil uansett vere ekstremt hasardiaust av Putin, å gå til det steget å bruke atomvåpen mot Ukraina. 

Teorien om "mutual assured destruction", handlar om at land som går inn i atomkrig, risikerar sjølv-øydeleggjelse, at dei blir ramma av atomvåpen sjølve. Dette burde skape frykt hos Putin. Men det verkar ikkje som han bryr seg. Putin verkar til å vere besatt av å vinne denne krigen mot Ukraina, koste kva det koste vil. 

Utfallet av denne krigen mellom Russland og Ukraina, bør vere at krigen bør leie til Putins fall. 

 

Comments

Popular posts from this blog

Støre-regjeringa vart gjenvalt

Ukraina og Gaza

Mitt inntrykk av Støre-regjeringa hittil