Krigen i Ukraina
Den russiske invasjonen av Ukraina har vart i snart to månadar. Det er brutalt, grusomt, og horribelt det som skjer i Ukraina no. Russland skyr ingen midlar i å oppnå sine mål. Det verkar som Russland vil gjere alt dei kan for å vinne denne krigen, koste kva det koste vil.
Ukraina på sin side, kjempar med stort heltemot, vilje og uthaldenheit, i kampen for å redde sitt land.
Dei omfattande sanksjonane frå Vesten mot Russland, ser i liten grad ut til å ha så stor effekt.
FN ser ut til å vere ganske handlingslamma og usynleg i denne krigen. USA ser også ut til å ha liten påverknad på kva Russland føretek seg i denne krigen. NATO har også vore litt nøktern etter at krigen braut ut, og det er truleg fordi dei ikkje vil egge til konflikt med Russland. Men medlemsskap i NATO for land som Sverige og Finland blir no høgaktuelt.
Eg synes det er dårleg av Tyskland å ikkje setje embargo på olje og gass frå Russland. Men det er kanskje ikkje så lett.
Det er litt rart at det ikkje er andre statsleiarar enn den østerrikske forbundskanslaren, Karl Nehammer, som har besøkt Putin ved fysisk møte i Moskva. Eg synes fleire statsleiarar burde møte Putin i Moskva og konfrontere han med den uakseptable situasjonen.
Det ser dessverre ikkje ut til å bli ein enkel eller snarleg løysing på krigen i Ukraina, men vi får håpe at all verdas omtanke, støtte og empati, kan redde Ukraina.
Beklagar så mykje for litt kort innlegg idag:( Eg fekk litt dårleg tid dessverre:(
Comments
Post a Comment