Introduksjon til min politiske blogg
Etter ca. 1 år er eg ferdig med det eg skulle gjere innan stortingsvalet 2021. Nemleg å skrive eit blogginnlegg kvar andre månad frå august 2020 til august 2021. Grunnen til at eg ikkje skriv eit nytt blogginnlegg i september 2021, er fordi eg har hatt to månadars mellomrom mellom kvart innlegg. Og når eg starta å skrive blogginnlegg i august 2020, så vart det med tomånaders-frekvens naturleg at det siste innlegget kom i august 2021. Sidan august 2020, har eg skrive 7 blogginnlegg, og denne introduksjonen blir det 8 blogginnlegget. Det er kanskje litt rart at eg skriv introduksjonen til den politiske bloggen min etter blogginnlegget mitt om "8 år med Erna Solberg si regjering er nok", sidan det er det siste blogginnlegget eg har skrive. Beklagar så mykje, men eg burde eigentleg ha skrive denne introduksjonen som det første innlegget i den politiske bloggen min, men eg gløymte det dessverre av. Det hadde altså vore meir naturleg å skrive introduksjonen som det første blogginnlegget av alle innlegga mine, men beklagelegvis, så gløymte eg det altså dessverre av då eg starta opp den politiske bloggen min. Men sidan blogginnlegga mine står i motsatt rekkjefølgje, dvs. at det siste innlegget ligg først, så er det kanskje bra at introduksjonen kom sist, fordi det gjer at introduksjonen står nesten heilt øverst på den politiske bloggen min, og det gjer det lettare for folk å lese introduksjonen min som det første innlegget folk les.
Hensikta med denne politiske bloggen er å gjere ein liten forskjell med tanke på stortingsvalet 2021. Eg har lenge hatt eit ønske om å starte ein blogg. Eg hadde ein blogg tidlegare då eg var i Bolivia. Men det var berre det eine året. Eg har tenkt på at eg gjerne kunne tenke meg å starte ein politisk blogg. Dette blir riktignok ein litt annleis blogg. Eg tenkte at eg ville lansere ein regjeringskritisk blogg.
Samstundes så følte eg at dette vart for polariserande. Eg har i løpet av dette året skrive nokon innlegg som er kritiske til den norske regjeringa, og nokon innlegg om tema som interesserar meg. Så den politiske bloggen min består altså både av regjeringskritiske innlegg og innlegg som handlar om tema som interesserar meg. Målet med denne politiske bloggen, er med tanke på stortingsvalet i 2021, der eg ønskar at Jonas Gahr Støre skal bli statsministar og vinne valet, og danne ein regjeringskoalisjon med parti frå venstresida i det politiske landskapet. Målet er å prøve å vippe nokon veljarar over frå høgresida til venstresida i det politiske landskapet. Eg har skrive eit innlegg kvar andre månad, frå august 2020 til august 2021. Dette er mitt lille bidrag til at det blir regjeringsskifte ved stortingsvalet i 2021.
Før eg starta den politiske bloggen min i august 2020, så sendte eg epost til Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk venstreparti, Miljøpartiet dei grøne, og Raudt, for å høyre kva dei synes om at eg starta opp denne bloggen. Eg fekk positivt svar frå alle, med unntak av Senterpartiet, der eg aldri fekk noko svar. Grunnen til at eg sendte epost til alle desse partia, var fordi eg ville forsikre meg om at eg ikkje på nokon som helst måte øydela for nokon av desse partia, med denne politiske bloggen min fram mot stortingsvalet i 2021.
No skal eg ikkje overvurdere betydninga av denne lille bloggen, men det kunne jo hende desse politiske partia ikkje ville like at eg skreiv denne politiske bloggen. Det er truleg det som er situasjonen med Senterpartiet, at dei ikkje likte at eg ville skrive denne politiske bloggen, og at dei difor ikkje svarte meg. Så då kan ein spørje seg kvifor eg likevel valte å halde fram med å skrive denne politiske bloggen?
Grunnen er at eg tenkar at når fire av fem politiske parti har gitt meg grønt lys, så er det ein ganske stor overvekt av positive svar. Eg meinar at det er viktig å få fram kritiske synspunkt på regjeringa til Erna Solberg, og eg har som sagt lyst til å prøve å gjere eit lite bidrag til at det blir regjeringsskrifte ved stortingsvalet 2021. Denne politiske bloggen kjem sikkert til å ha minimal innflytelse, men det er betre enn ingenting. Det er kanskje egoistisk av meg å halde fram med denne politiske bloggen når eg ikkje har fått svar frå Senterpartiet, men eg tenkar at det er viktig å våge å uttrykkje meiningane sine, og så lenge ein er sakleg så skulle det gå greit.
Eg tenkar også no før stortingsvalet 2021, å sende epost til alle dei politiske partia på Stortinget, og sende dei lenka til den politiske bloggen min. Grunnen til at eg vil sende lenka til den politiske bloggen min til alle stortingspartia, inkludert regjeringspartia, er fordi eg tenkar at ein regjeringskritisk blogg ikkje er ein regjeringskritisk blogg med mindre regjeringa (eller regjeringspartia) veit om den regjeringskritiske bloggen (min).
Eg vil som sagt oppfordre folk til å stemme AP, og generelt stemme raudgrønt. Dette fordi eg ønskar at Jonas Gahr Støre skal bli statsministar, og fordi eg ønskar ei raudgrøn regjering beståande av AP, SP, og SV. Sjølv om det er viktig å stemme på AP, SP, og SV, så er det også viktig å stemme på MDG og Raudt, fordi ei regjering på venstresida blir kanskje avhengig av støtte frå anten MDG eller Raudt, eller både MDG og Raudt. Eg vil som sagt også oppfordre folk til forhåndsstemme, med tanke på smittevernssituasjonen. Del gjerne denne politiske bloggen min vidare med familie, venar, og bekjente. Jo fleire som veit om denne bloggen, jo større sjanse er det for å påverke.
Eg må innrømme at mykje av det som står i denne introduksjonen til den politiske bloggen min, er tatt ifrå og skrive direkte av ifrå ulike facebook-postar som eg skreiv på facebook-veggen min rundt den tida då eg starta opp den politiske bloggen min i august 2020. Eg hadde dårleg tid før midnatt på tysdag den 31 august 2021, og eg ville veldig gjerne poste blogginnlegget mitt om "Introduksjon til min politiske blogg", innan tysdag den 31 august 2021, for å halde frekvensen på to månader mellom kvart blogginnlegg. Det var jo blogginnlegget "8 år med Erna Solberg si regjering er nok", som var det eigentlege blogginnlegget for august 2021, men eg tenkte at eg gjerne ville poste introduksjonen til den politiske bloggen min også innan tysdag 31 august 2021, for å halde tomånaders-frekvensen oppe. Dette var grunnen til at eg for store delar av denne introduksjonen ikkje rakk å gjere noko anna enn og skrive direkte av frå facebook-postane mine frå facebook-veggen min, istadenfor å omformulere det eg skreiv.
Denne politiske bloggen vil fortsetje etter stortingsvalet 2021, men etter alt å døme i ein annan form. Eg håpar jo sjølvsagt at dei raudgrøne vil vinne stortingsvalet 2021, og då vil denne bloggen gå over til å bli ein blogg der eg i større grad skriv om tema som interesserar meg. Hvis dei borgarlege mot formodning skulle vinne valet, så vil dette fortsetje som ein regjeringskritisk blogg. Det kan hende at hyppigheita på å skrive eit innlegg ein gong annakvar månad vil gå over til at eg skriv innlegg enno sjeldnare. Eg må sjå kva eg har tid til.
Tusen hjartleg takk for at du har tatt deg tida til å lese i den politiske bloggen min. Det set eg stor pris på.
Og sist, men ikkje minst: Stem Arbeidarpartiet, og stem raudgrønt.
Eg ønskar dokke eit riktig godt val!
Comments
Post a Comment