8 år med Erna Solberg si regjering er nok

I snart 8 år har vi nordmenn levd under Erna Solberg sitt styre. For all del, Erna Solberg har vore ein flink statsministar, og gjort ein relativt god jobb. Eg synes særleg Erna Solberg har handtert koronapandemien på ein god måte. Og ho har vore ein relativt godt likt statsministar. Likevel, så meinar eg heilt klart at Erna Solberg ikkje er den rette til å leie Noreg vidare. 

Grunnen til dette har mykje med den kritiske situasjonen verda befinn seg i, idag, særleg med tanke på klima og miljø. FNs klimapanel kom nettopp med første del av sin sjette rapport. 

FNs generalsekretær Antonio Guterrres seiar at rapporten er "kode raud" for menneskeheita. Dette seiar FNs generalsekretær Antonio Guterres: "Alarmklokkene er øyredøvande, og bevisene er uomtvistelege. Klimautsleppa frå forbrenning av fossilt brenslar og avskoging kvelar planeten vår og utgjer ein umiddelbar trussel for milllionar av menneskar".

Erna Solberg si regjering har gjort lite for klima, og ønskar å fortsetje å leite etter og utvinne olje og gass. No er kanskje forsåvidt ikkje AP og SP så mykje betre i olje- og gasspolitikken, men Jonas Gahr Støre sa nyleg i eit intervju at oljealderen er snart over. Jonas Gahr Støre seiar: "Oljealderen er snart over, men vi skal sørgje for at det skjer i ein mjuk overgong til det nye grønne Noreg". 

Dette er i alle høve betre tankar enn Erna Solberg sine tankar, der ho seiar at ho vil fortsetje å leite etter olje så lenge det er lønsamt. 

Vi kan ikkje ha Erna Solberg som statsministar lenger, når FNs klimapanel i oktober 2018 la fram sin spesialrapport om konsekvensane av 1,5 gradars global oppvarming. Det denne rapporten seiar er at for å halde temperaturen under 1,5 gradar, så må utsleppa globalt halverast innan 2030 og gå ned til null rundt midten av dette århundret. 

Skal vi klare å bidra til halvering av utsleppa globalt innan 2030, så må Noreg også bidra, og dette må det nok eit regjeringsskifte (til ei raudgrøn regjering med Jonas Gahr Støre som statsministar), til for å få til. 

Andre ting som Erna Solberg si regjering har bidratt til, som vi gjerne kunne vore forutan, er auka ulikheit og forskjellar mellom folk, og store skattelettelsar til dei rikaste. I tillegg er kommune- og regionreforma ein stor trussel for distrikta. Det har vore rekordbruk av oljepengar under Erna Solberg, og det har blitt mykje meir privatisering. 

Eg følar at Erna Solberg manglar visjonar. Ho er god på å styre, men ho manglar det visjonære framtidsretta leiarskapet. 

Eg vil oppfordre folk til å stemme AP, og generelt stemme raudgrønt i dette stortingsvalet 2021. Grunnen til at eg framhevar AP, er fordi at eg vil at AP skal bli større enn SP, slik at hvis dei raudgrøne partia får fleirtal, så er det Jonas Gahr Støre som bli statsministar, og ikkje Trygve Slagsvold Vedum. Eg meinar at Jonas Gahr Støre er betre eigna som statsministar enn Trygve Slagsvold Vedum. Eg trur Jonas Gahr Støre har potensiale til å bli ein fantastisk statsministar, og eg synes at no er tida inne for at Jonas Gahr Støre skal bli statsministar. 

Arbeidarpartiet har gode verdiar, som friheit, likheit og solidaritet. Arbeidarpartiet har ein heilheitleg poitikk som bygg på sosialdemokrati, og Arbeidarpartiet ønskar ei rettferdig verd, der alle har like moglegheitar. Arbeidarpartiet har historisk sett bidratt til mykje positivt for Noreg, når dei har vore i regjering. Eksemplar på dette er oppbyggjing av velferdsstaten etter andre verdskrig, kvinners rettigheitar, og retten til likekjønna ekteskap. Arbeidarpartiet har tatt Noreg gjennom mange av dei viktigaste periodane i Noreg etter andre verdskrig, og eg trur at Arbeidarpartiet er det rette partiet, saman med SP og SV, til å styre landet no etter stortingsvalet i 2021. Eg ønskar ei regjering beståande av AP, SP, og SV, fordi eg meinar at politikken til desse tre partia er det som trengs for å møte dei utfordringane Noreg og verda står ovanfor i dagens turbulente verdssituasjon. 

Eg ønskar dokke eit riktig godt val. Hugs at det er lurt å forhåndsstemme med tanke på smittevernssituasjonen. 

Comments

Popular posts from this blog

Støre-regjeringa vart gjenvalt

Ukraina og Gaza

Mitt inntrykk av Støre-regjeringa hittil