Det internasjonale samfunnet har svikta Syria
I år, i 2021, er det 10 år sidan borgarkrigen i Syria starta i mars 2011. Sidan mars 2011 er over 450000 menneskar drepne i denne forferdelege borgarkrigen. Det er heilt grusomt. Borgarkrigen starta med at den arabiske våren slo inn som ei bølgje over Midtausten og Nord-Afrika, og mange land i Midtausten og Nord-Afrika opplevde folkelege opprør mot sine autoritære regimar.
Assad-regimet som har sitte ved makta i Syria sidan år 2000, slo hardt ned på protestane, og det utvikla seg raskt til ein borgarkrig. Det vart også tidleg ein regional krig, og tidleg ein internasjonalisert krig. Regionale og utanlandske aktørar og land har blanda seg inn i konflikta, og mange regionale og utanlandske aktørar og land har vist si støtte til dei ulike stridande partane.
Sjølv om borgarkrigen pågår fortsatt, så kan ein vel seie at Assad-regimet dessverre i stor grad har vunne borgarkrigen.
Eg meinar at det internasjonale samfunnet har svikta Syria. Det syriske folket har vore utsatt for enorme lidingar, store øydeleggjingar materielt sett, og avskyeleg mykje vald, tortur, og drap. Det internasjonale samfunnet har riktignok prøvd å finne ei løysing på konflikta, men utan og lukkast.
Eg meinar kanskje at ein burde vurdert ein humanitær intervensjon på eit tidlegare tidspunkt i borgarkrigen i Syria. Men FNs tryggingsråd har dessverre vore fastlåst over borgarkrigen i Syria. Ein humanitær intervensjon kunne redusert tap av menneskeliv, og fått ein slutt på borgarkrigen i Syria, men vi hugsar også frå andre land at humanitær intervensjon sjeldan har bidratt udelt positivt.
Ein farleg konsekvens av borgarkrigen i Syria, er at den islamistiske terrorgruppa IS har fått auka fotfeste i Syria. Det er eit lappeteppe av ulike opprørsgruppar og konfliktar innad i Syria. Dette bidreg truleg til at det er vanskelegare å løyse konflikta.
Eg meinar at det er ein mangel på politisk vilje både innad i Syria, regionalt, og internasjonalt, til å skape fred i Syria og få ein slutt på borgarkrigen. Det er altfor mange aktørar og land som har ein interesse av at det ikkje blir fred i Syria.
Det internasjonale samfunnet må gjere eit krafttak og vise vilje for å skape fred i Syria. Vi må ikkje gløyme at borgarkrigen i Syria pågår fortsatt, med enorme lidingar for sivilbefolkninga.
Comments
Post a Comment