Olje-, gass- og kol, - elefantane i rommet
Som eg har nemnt på facebook, så skal denne bloggen ikkje berre innehalde regjeringskritiske innlegg. Eg sa også at eg skulle skrive om tema som interesserar meg. I denne posten skriv eg om eit tema som interesserar meg, men eg må innrømme at det også indirekte går litt over i å vere eit regjeringskritisk innlegg. Det var litt vanskeleg å skilje regjeringskritiske innlegg og innlegg der eg berre skriv om tema som interesserar meg. Eg skal prøve seinare å skrive eit innlegg der eg berre skriv om eit tema som interesserar meg utan at det skal vere regjeringskritisk (altså kritisk til Solberg-regjeringa).
Vi har akkurat starta overgongen til eit nytt tiår. Det førre tiåret var i stor grad prega av klimakrisa, som den kanskje viktigaste og mest presserande saka.
Det internasjonale samfunnet klarte å bli einige om Parisavtalen i desember 2015, ein internasjonal avtale der alle land har forpliktelsar, i motsetnad til i Kyotoprotokollen der det berre var dei rike landa som hadde forpliktelsar. Det er riktignok slik at det er dei rike landa som forventast å gjere mest under Parisavtalen, sjølv om alle land er innbefatta av Parisavtalen.
Ein plan med eit mål for kor mykje kvart land skal kutte, skal alle land lage. Som eg nemnte i blogginnlegget mitt tidlegare om at "Regjeringa bryr seg ikkje om dei store spørsmåla i vår tid, som klima, fattigdom, og migrasjon", så skreiv eg at Noreg meldte inn sitt klimamål i februar 2020, og satte ein ambisiøs standard ved å melde inn at klimagassutsleppa i Noreg skal reduserast med 50-55% under Parisavtalen innan år 2030.
Som eg også skreiv i blogginnlegget mitt frå tidlegare om at "Regjeringa bryr seg ikkje om dei store spørsmåla i vår tid, som klima, fattigdom, og migrasjon", så er det bra at Noreg har sat seg eit ambisiøst klimamål, men det hjelp ikkje så mykje når det ikkje blir nokon endringar i olje- og gasspolitikken.
Vi må byrje å snakke om elefanten i rommet. Eller elefantane i rommet. Elefantane i rommet er fossile brenslar, som olje-, gass- og kolutvinning. Dette er det som bidreg mest til klimagassutslepp, og som i størst grad har bidratt til å skape klimakrisa, og som i størst grad bidreg til å forsterke klimakrisa.
I ein nyleg kommentar frå Ivana Kottasová frå CNN, argumenterar ho for at Noreg, Storbritannia og Canada er klimahyklarar. Ho seier følgjande (her i sitat): "Det er berre eitt problem. Mykje av den grøne teknologien dei er stolte av, er finansiert av oljepengar, fordi Noreg, i tillegg til å vere ein framoverlent klimakjempe, også er ein massiv produsent av fossilt brennstoff. Og slik vil dei ha det i lang tid framover."
Eg meinar at Kottasová har mykje rett i det ho seier. I internasjonale klimaforhandlingar posisjonerar Noreg seg som ein brobyggjar og nyt respekt blant andre land. Vi trur at vi gjer mykje for klima og miljø, både med tanke på elbil-satsinga og regnskogsatsinga i fleire utviklingsland gjennom REDD+ systemet. Men som Kottasová hevdar så blir det rosenraude biletet av Noreg hyklersk, når ein tenkar på at lille Noreg har så store utslepp frå utvinning, forbrenning, og eksport av norsk olje- og gass. Med tanke på vår lille befolkning så har vi eit veldig stort økologisk fotavtrykk.
Internasjonalt også, så er det få land som utvinnar olje-, gass- eller kol, som vil ta grep for å redusere utvinninga. Det kan verke som ein tenkar seg at ein skal løyse klimakrisa utan å ta tak i rota av problemet, nemleg fossile brenslar. Nokon tenkar kanskje at ein skal løyse klimakrisa gjennom oppfinning og utvikling av ny teknologi. Teknologi kan riktignok vere til hjelp på vegen mot å løyse klimakrisa, men kan nok ikkje gjere så mykje med kjerna av problemet, nemleg utvinning og utslepp av olje-, gass- og kol. Ein kan ikkje grønvaske olje-, gass- og kolindustrien, ein må redusere og fase ut utvinninga av olje-, gass- og kol, og erstatte det med fornybar energi.
I Klimakur 2030, som er ein rapport laga av fleire offentlege institusjonar som utredar korleis ein kan kutte minst 50% i utsleppa frå ikkje-kvotepliktig sektor i 2030 samanlikna med 2005, er ikkje olje- og gassutvinning innbefatta, fordi olje- og gass er i kvotepliktig sektor. Kvifor har ikkje myndigheitane laga ein liknande rapport og utredning om korleis ein kan få til liknande kutt i kvotepliktig sektor, og dermed også i olje- og gassektoren?
For å løyse klimakrisa må ein byrje å snakke om elefanten i rommet, eller elefantane i rommet, som er utvinning og utslepp av fossile brenslar, altså olje-, gass- og kol. Ein må satse aktivt på utvikling av fornybare energikjeldar og gjennomføre ein gradvis overgong frå ein fossil økonomi til ein fornybar, grøn økonomi.
Dette vil vere ein prosess der heile samfunnet vil bli involvert, og det vil krevje mykje av oss både i Noreg og internasjonalt, men vi må berre kome oss gjennom det om vi skal redde vår framtid og livet her på planeten vår jorda.
Comments
Post a Comment