Sentraliseringa til Solberg-regjeringa skadar distrikta

Kva har eigentleg Solberg-regjeringa fått gjennomført i løpet av snart 8 år? Når eg tenkar meg om så klarar eg ikkje kome på stort meir enn den ørkeslause sentraliseringa som har spreidd seg over Noregs land. Det som slår meg umiddelbart er kommune- og regionreforma. Det ser ut til å bli 72 færre kommunar i Solberg-regjeringa si kommunesamanslåingsrunde. Tidlegare har det vore ein kommunereform frå 1957 til 1967 der enno fleire kommunar vart borte. I kommunereforma frå 1957 til 1967 vart antall kommunar redusert med 290 frå 744 til 454. Så til samanlikning er ikkje 72 færre kommunar i denne kommunesamanslåingsrunda så mykje som antall kommunar som forsvann frå 1957 til 1967. 

Og eg skal innrømme at eg kan ha ein viss forståing for at enkelte kommunar blir slått saman. Men eg er imot måten det gjennomførast på. Eit godt eksempel på dette er heimbyen min Ålesund, der Ålesund har blitt slått saman med små omkringliggjande kommunar. Ålesund har blitt slått saman med Haram, Sandøy, Skodje, og Ørskog kommune. 

Eg er imot denne samanslåinga av Ålesund med dei små omkringliggjande kommunane. Eg meinar at hvis ein først skal slå saman kommunar, så bør små kommunar slå seg saman, mens store kommunar kan stå åleine. Dei store kommunane klarar seg godt nok frå før. For å få meir likevekt i størrelse mellom kommunane er det betre at små kommunar slår seg saman, enn at store kommunar slår seg saman med små. Fordi då blir dei små kommunane som blir att så små, samanlikna med dei store kommunane som har blitt enno større fordi dei slår seg saman med små kommunar. Dette skapar skjeivfordeling av menneskar, ressursar og kompetanse. Dette bidreg til å auke forskjellane og moglegheitane mellom folk i Noreg. 

Om eg til ein viss grad kan forstå at Solberg-regjeringa har slått saman nokon kommunar i løpet av deira regjeringsperiode, så synes eg derimot at regionreforma er enno verre. 

Eg meinar at regionreforma er heilt unaudsynt. 19 fylkar som vi hadde i Noreg før regionreforma, synes eg ikkje var for mykje. No er det berre 11 fylkar igjen. 

Solberg-regjeringa seier at målet med regionreforma er å styrke lokaldemokrati, vekst, og leggje til rette for stordriftsfordelar. Stordriftsfordelar handlar om å produsere mange varar eller tenestar på ein billegare måte enn hvis ein hadde produsert varane og tenestane i mindre skala. Hensikta med regionreforma og også kommunereforma er å skape større byar og større regionar som kan skape vekst og positiv samfunnsutvikling. 

Det som eg meinar er ganske klart, er at både kommunereforma- og regionreforma svekkar lokaldemokratiet. Det blir færre kommune- og fylkestingsrepresentantar per innbyggjar. Det blir altså fleire innbyggjarar per kommunestyre- og fylkestingsmedlem. Med færre representantar per innbyggjar så meinar eg at lokaldemokratiet blir svekka. Dette er veldig synd, fordi i eit lite land som Noreg så burde vi ha gode moglegheitar for å skape eit godt lokaldemokrati. Større avstand mellom vanlege folk og deira representantar kan skape mindre tillit i befolkninga. 

Når det gjeld å skape vekst så kan det hende at kommune- og regionreforma vil auke økonomisk vekst. Spørsmålet er berre om dette vil føre til større forskjellar fordi veksten vil tilfalle dei store byane og dei store kommunane, og ikkje nå ut til små byar og små kommunar. 

Når det gjeld stordriftsfordelar og større byar og regionar som skal skape vekst og positiv samfunnsutvikling, så er eg skeptisk til dette. Det kan som sagt hende at det blir økonomisk vekst i dei store byane og i sentrum av regionane, men i dei mindre byane og i dei mindre kommunane vil det nok bli desto lågare vekst og stor fråflytting til dei større byane og til dei større kommunane. 

Eg synes dette er veldig dårleg distriktspolitikk. Eg fryktar at kommune- og regionreforma og den store sentraliseringsiveren til Solberg-regjeringa vil føre til at vi endar opp som Nord-Sverige. Der Nord-Sverige er nesten ubebudd. Det er allereie stor fråflytting frå Nord-Noreg idag. Det ville vere ein katastrofe om Nord-Noreg endte opp som Nord-Sverige.

Tanken til Solberg-regjeringa er at det å skape større einingar vil gjere einingane (byane, kommunane, regionane) betre rusta til å utføre sitt samfunnsoppdrag. Det kan hende det, men problemet er at dei små byane og små kommunane som ikkje er eindel av dei større einingane vil falle ifrå, og bli utarma av mennesker, ressursar og kompetanse. Distrikta vil lide, og bli enno mindre attraktive for folk. Kommune- og regionreforma vil kanskje skape større økonomisk vekst i store byar og store kommunar, men fordeling, lokaldemokrati, lokal kultur og tilhøyrigheit vil bli kraftig svekka. 

Andre elementar av sentraliseringsiveren til Solberg-regjeringa er f.eks politireforma frå 2015 der 115  lensmannskontor og politistasjonar vart lagt ned. Eg undrar meg over korleis Solberg-regjeringa tenkar at dette vil påverke sikkerheita og tryggleika til folk ute i distrikta. 

Mest av alt er eg redd for at kommune- og regionreforma kan skade distrikta i Noreg, og auke fråflytting frå distrikta generelt, og fråflytting frå Nord-Noreg spesielt. Dette er veldig bekymringsverdig. 




Comments

Popular posts from this blog

Støre-regjeringa vart gjenvalt

Ukraina og Gaza

Mitt inntrykk av Støre-regjeringa hittil