Regjeringa bryr seg ikkje om dei store spørsmåla i vår tid, som klima, fattigdom og migrasjon
Mitt inntrykk er at denne regjeringa er mest opptatt av å skape økonomisk vekst, gi skattelettelsar til dei rikaste, og sentralisere Noreg. Det verkar som om regjeringa ikkje bryr seg om dei store spørsmåla i vår tid, som klima, fattigdom, og migrasjon.
Når det gjeld klima, så meinar eg at regjeringa ikkje tek klima på alvor. Dei har fått Noreg med i Paris-avtalen i 2015, og det er vel og bra. Dei har også i februar 2020 meldt inn eit ambisiøst klimamål på å redusere klimagassutsleppa i Noreg med 50-55 prosent under Parisavtalen innan år 2030. Noreg var det første landet i den vestlege verda til å melde inn eit forsterka mål om klimakutt under Parisavtalen. Dette er forsåvidt veldig bra. Men det hjelp på ein måte ikkje så mykje når regjeringa samstundes opnar nye oljefelt og bygg nye motorvegar.
Oljeavhengigheita til Noreg består, og det er også opna for oljeboring i sårbare områder under Solberg-regjeringa. Klimagassutsleppa har dessverre auka under Erna Solberg.
Når det gjeld fattigdom så tenker eg både på nasjonal fattigdom i Noreg, og på internasjonal fattigdom ute i verda. I Noreg så har forskjellane mellom fattig og rik auka under Solberg-regjeringa, mykje pga at Solberg-regjeringa har gitt 9 milliardar i skattelette til dei rikaste i Noreg. Dette er skandalaust og bidreg til å skape større ulikheit i Noreg, og meir fattigdom i Noreg.
Og når det gjeld kampen for å redusere og bekjempe internasjonal fattigdom, så har regjeringa vore svake. Regjeringa valte å ta bort posten som Utviklingsministar då dei kom til makta i 2013, og gjeninnførte ikkje posten før Venstre vart med i regjeringa i 2018. Dette visar at regjeringa ikkje prioriterar kampen for å redusere og bekjempe internasjonal fattigdom.
Når det gjeld migrasjon, så har regjeringa svikta dei sårbare som er på flukt. Flyktningkrisa som oppstod i 2015, og har vart sidan den gong, satte Noreg og Solberg-regjeringa på prøve. Noreg og Solberg-regjeringa feila på den prøva. Regjeringa har svikta flyktningane frå Syria, då regjeringa har tatt imot svært få flyktningar frå den prekære humanitære situasjonen i Syria.
Å sjå på korleis Noreg stengar grensane for flyktningar ilag med resten av Europa, og lar flyktningar risikere livet og i verste fall drukne i Middelhavet, er hjarterått.
Alt dette kan tyde på at vi har ei regjering som ikkje er i takt med den tida vi lev i.
Comments
Post a Comment