Jonas Gahr Støre er den best eigna og mest kvalifiserte statsministerkandidaten Noreg nokonsinne har hatt.
Dette er mi personlege meining. Eg vil i dette blogginnlegget prøve å få fram kvifor eg meinar at Jonas Gahr Støre er den best eigna og mest kvalifiserte statsministerkandidaten Noreg nokonsinne har hatt. Eg vil starte med å sjå på CVen hans og hans bakgrunn og erfaringar. Eg vil deretter sjå meir på kva eigenskapar han har som eg meinar gjer at han er den best eigna og mest kvalifiserte statsministerkandidaten Noreg nokonsinne har hatt. Til sist vil eg sjå han i samanheng med Erna Solberg, og argumentere for kvifor han er eit opplagt val framfor Erna.
Jonas Gahr Støre har topp utdanning, han er utdanna
statsvitar frå Institut d`Etudes Politiques de Paris (Sciences Po) i Paris.
Dette er eit svært bra universitet for samfunnsvitenskaplege fag. I tillegg er
han fenrik frå Sjøforsvaret. Jonas Gahr Støre var også elevrådsleiar ved Berg
vidaregåande skule.
Støre har brei arbeidserfaring. Han har jobba på Statsministarens
kontor i mange år under statsministrane Gro Harlem Brundtland, Jan P. Syse, Torbjørn Jagland, og Kjell Magne Bondevik, jobba for WHO i Geneve då Gro Harlem Brundtland var
generaldirektør, vore stabssjef på Statsministarens kontor under Jens Stoltenberg si første regjering, vore generalsekretær i Noregs Raude Kross, vore utanriksminister, vore helseminister, og er no stortingsrepresentant og leiar i Arbeidarpartiet.
Han har internasjonal erfaring, då han har budd i Paris og Geneve. I tillegg har han den internasjonale erfaringa han fekk som utanriksminister og i jobbane på Statsministarens kontor, i WHO og i Noregs Raude Kross.
Ingen annan norsk politikar verken før eller sidan har ein
CV som kan samanliknast med Støre sin CV. Difor er eg så lei av å høyre
negative nyhende om Jonas Gahr Støre. Eg følar at det er urettferdig. Slik eg
har forstått det så er dei største mediane (f.eks Aftenposten og VG) i Noreg på
borgarleg side. Dette kan bidra til å forklare kvifor mediane er så kritiske
til Jonas Gahr Støre. I så tilfelle synes eg det er trist at norske mediar
ikkje er meir balansert politisk, hvis det er det faktum at det er fordi dei største
mediane er på borgarleg side som er grunnen til at dei kritiserar Støre så
sterkt. Mediane har ein enorm definisjonsmakt, så eg ville oppmuntre mediane til
å teikne eit meir balansert og positivt bilete av Jonas Gahr Støre.
Eg kjenner ikkje så godt til norske statsministrar frå før
andre verdskrig. Men eg har grei kjennskap til norske statsministrar etter andre
verdskrig. Einar Gerhardsen er den som har det beste ettermæle av Noregs
statsministrar og han var statsminister etter andre verdskrig. På tross av at eg ikkje kjennar så godt til norske statsministrar før andre verdskrig, så meinar eg at
ingen av norske statsministrar verken før eller etter andre verdskrig kan måle
seg med statsministarkandidaten Jonas Gahr Støre. Eg forstår ikkje at folk
ikkje ser det. Jonas Gahr Støre er min draumekandidat som statsministar.
Støre er intelligent, seriøs, reflektert, flink til å snakke
for seg, og hyggjeleg. Han er ingen populist, altså han er ikkje den som seier
ting for å tekkes veljarane. Eg synes han har ein bra personlegheit. Han har
ein bra karakter. Eg synes Støre er hakket vassare enn dei andre partileiarane.
Han er meir reflektert, han har meir djupnad i svara sine, og han er meir
analytisk enn sine partileiarkollegaer. Etter mi meining er Støre veldig
undervurdert i den norske befolkninga.
Erna Solberg har gjort ein grei jobb som statsministar til
no. Men kva har Erna å stille opp med mot Jonas Gahr Støre? Svært lite synes eg
for å vere ærleg. Hadde det vore eit jobbintervju så hadde Støre vunne
overlegent over Erna. Med den CVen og bakgrunnen som Jonas har, så har ikkje
Erna noko særleg å stille opp med.
Erna er riktignok god på å styre, men ho har lite visjonar. Støre
på si side har vist at han har visjonar, særleg ifht klima. Eg saknar visjonar
i leiarskapet til Erna Solberg. Klima er ikkje særleg høgt prioritert hos ho,
og eg følar at ho i liten grad tek grep for å ta Noreg inn i og gjennom det
grøne skiftet. Støre opna si tid som partileiar i Arbeidarpartiet med å varsle
ein ny klimapolitikk. Det har kanskje ikkje gått så bra som han hadde tenkt, særleg
fordi han har stått i ein skvis mellom ulike fløyar i partiet (industritilhengjarar
mot klimatilhengjarar). Men eg trur at han kan få til meir på klimaområdet hvis
han blir statsministar.
Ja, det er sant at Jonas Gahr Støre også har sine svakheitar.
Han er litt vinglete, og slit med å samle Arbeidarpartiet. Han har kanskje
ikkje takla Trond Giske-saka og MeToo på den beste måten. Men det er ingen
enkel jobb han har som leiar av Arbeidarpartiet, og eg trur Støre vil lukkast
betre som statsministar enn partileiar.
Eg trur Noreg som nasjon vil gjere ei tabbe av dimensjonar hvis
vi lar Jonas Gahr Støre avslutte si politiske karriere utan å ha vore
statsministar for ei god stund. Her har vi ein kandidat som har alt vi kan
ønske oss, og så behandlar mediane han så dårleg. Det er ei stor skam.
Eg håpar at Jonas Gahr Støre klarar å finne ein indre styrke
som kan få han til å ta dei naudsynte grepa som skal til for at han skal bli valt som statsministar
ved stortingsvalet hausten 2021 og danne ei koalisjonsregjering på venstresida. Eg ønskar Jonas Gahr Støre masse lukke til.
Hvor mye fikk du for å skrive dette innlegget?
ReplyDeleteTåkefyrsten er jo kjent for å babble og ikke minst lyge så det holder!
https://m.youtube.com/watch?v=LLgEcRFTM-Y
Sant.
DeleteHei Habib-alshakir Kala og Vestlandsgutt!
DeleteBeklagar så mykje for super treigt svar:( Eg har vore veldig opptatt det siste året, så eg har beklagelegvis dessverre rett og slett gløymt av å svare:( Det er veldig dårleg av meg:(
Haha, eg har ikkje fått noko for å skrive dette innlegget:) Innlegget kom frå mitt eige hjarte:) Eg har ikkje høyrt noko om at Jonas Gahr Støre er kjend for å babble. Og eg synes heller ikkje at tåkefyrsten er ein passande beskrivelse av Jonas Gahr Støre. Eg synes eigentleg at Jonas Gahr Støre alltid har vore flink til å snakke for seg og at han alltid har vore velformulert, men han har i alle høve blitt tydelegare i kommunikasjonen sin dei siste åra, enn det nokon hevda at han ikkje var i dei første åra hans som leiar av Arbeidarpartiet. At Jonas Gahr Støre lyg så det held, trur eg hellar ikkje stemmar, sjølv om eg ser at han kanskje lyg i denne youtube-videoen du har skrive ned lenka til ovanfor. Eg opplev at Jonas Gahr Støre er ein mann som ikkje lyg, og som er ein person som etterstrebar å halde sitt ord. Den videoen du sendte lenke til ovanfor er det einaste tilfellet eg har opplevd med Jonas Gahr Støre, der han kanskje ikkje snakkar sant. Og no har han vore toppolitikar i 16 år, sidan 2005, og han var også stabssjef ved Statsministarens kontor i Jens Stoltenberg si første regjering i 2000-2001. Det med stabssjef gløymte eg beklagelegvis å skrive ovanfor i innlegget mitt:( Beklagar så mykje:( Det er ikkje dårleg at den videoen du sendte lenke til ovanfor er det einaste tilfellet eg kan hugse der Jonas Gahr Støre ikkje snakkar sant, i løpet av ein periode på 17,5 år. Eg ser at Vestlandsgutt er einig i det Habib-alshakir Kala skriv. Eg trur nok at det med tåkefyrsten, og at han er kjend for å babble og lyge, er typiske kommentarar som Jonas Gahr Støre sine politiske motstandarar kjem med. Eg synes i alle høve ikkje at desse merkelappane passar så godt til Jonas Gahr Støre. Eg ønskar dokke eit godt val!
Vallah bror!
DeleteDu vet ikke hva du snakker om!
Jonas er en kommunist!
Stem på Karl I Hagen. Masse €€€ skjønner du? Mer cash til alle man.
Hei Vestlandsgutt!
DeleteUnnskuld på det sterkaste for eit super treigt svar😥 Eg har dessverre gløymt av å svare deg😥 Eg er veldig lei for det😥 Eg var usikkar på om det var du Vestlandsgutt eller Habib-alshakir Kala, som skreiv innlegget frå den 8. september 2021, klokka 10:25. Det er ikkje sant at Jonas er ein kommunist. Eg ville ikkje stemt på Carl I. Hagen. Då blir det meir pengar til dei som allereie har mest frå før, og mindre pengar til dei som har minst frå før😥 Eg er veldig glad for at Jonas Gahr Støre vart statsministar, og at dei raudgrøne partia på Stortinget vann stortingsvalet i 2021, og at Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjekk saman om å danne regjering. Så blir det spanande å sjå korleis det går for stortingsvalet 2025, no når Senterpartiet er ute av Støre-regjeringa. Det er utruleg kor fort denne stortingsperioden har gått. Eg ønskar dokke eit godt val for stortingsvalet 2025😇
Veit ikkje heilt om eg er enig. Han har tulla det til for seg for mykje.
ReplyDeleteDessuten veit ingen kva Arbeiderpartiet står for lenger?
Et arbeiderparti uten den viktigaste kjernesaka er ikkje så gunstig...
Hei Vestlandsgutt!
DeleteBeklagar så mykje for super treigt svar:( Eg har vore veldig opptatt det siste året, så eg har beklagelegvis dessverre rett og slett gløymt av å svare:( Det er veldig dårleg av meg:( Det er synd at du ikkje veit om du er einig:( På kva måtar har han tulla det til for seg sjølve for mykje? Det er nok kanskje sant at Arbeidarpartiet har vore litt i endring dei siste tiåra, og at partiet er nok i ein prosess der dei må redefinere seg sjølve. Det politiske landskapet er i endring, og Arbeidarpartiet må finne sin plass i det nye politiske landskapet der særleg klimakrisa er nummer ein på dagsorden. Men det er veldig tydeleg for meg at Arbeidarpartiet fortsatt er eit sosialdemokratisk parti, som vil ha ein sterk velferdsstat kombinert med ein blandingsøkonomi (ein marknadsøkonomi som er regulert), og ønskar å utjevne forskjellar og kjempe for klima og miljø, likestilling, og LGBT-rettar. Kva meinar du er den viktigaste kjernesaka til Arbeidarpartiet? Eg ønskar deg eit godt val!