Russlands brutale framferd i Ukraina

Krigen i Ukraina har vart i over 4 månadar no. Det er berre nitrist.

Eg kan ikkje forestille meg kor grusomt det må vere for den ukrainske befolkninga å oppleve dette.

Dessverre, så verkar det som om folk her i Noreg, har blitt vant til denne nye situasjonen, og kanskje ikkje engasjerar seg like mykje i saka som i starten.

Utan at folk engasjerar seg i Ukraina-krigen, blir det vanskelegare å få ein slutt på krigen.

Eg vil i det følgjande, prøve å gi ei forklaring på det eg meinar er grunnane til at Russland har invadert Ukraina.

Eg vil nemne tre grunnar som eg trur er viktige, med tanke på at Russland har invadert Ukraina. Denne informasjonen er tatt frå det eg har fått med meg om Ukraina-krigen, gjennom mediar, og kva folk har sagt om denne krigen. 

Den første grunnen, er at Russland vil gjenreise seg sjølve som supermakt/ imperie. Russland (då Sovjetunionen), var ein av fire sigarherrar etter andre verdskrig (dei fire var, USA, Russland (då Sovjetunionen), Storbritannia, og Frankrike), og etter andre verdskrig, fordelte sigarherrane verda mellom seg, og Russland (då Sovjetunionen), fekk Aust-Europa. Dette bidrog til at Russland (då Sovjetunionen), vart ei supermakt. Eg trur at Putin tenkar på same måte som då Russland (då Sovjetunionen) fekk Aust-Europa, at vegen til å bli ei supermakt/ imperie igjen, skjer gjennom å vinne nye territoriar. 

Den andre grunnen, er at Ukraina har ein strategisk viktig beliggenheit for Russland, særleg sikkerheitspolitisk. Som nemnt i ein av dei to andre bloggpostane om Ukraina-krigen, så har Russland/ Sovjetunionen, blitt invadert to gongar tidlegare frå vest, både av Napoleon og Hitler. Difor er Ukraina ein viktig bufferstat for Russland. 

Den tredje grunnen, er at Russland ønskar å vere, og danne ei motvekt til Vesten. Russland ser på Vesten som sin fiende. Russland likar difor svært dårleg at tidlegare sovjetrepublikkar blir medlem av EU/ NATO. Russland ønskar at tidlegare sovjetrepublikkar skal vende seg til, og alliere seg med Russland, og ikkje bli eindel av Vesten. Difor er det viktig for Russland, å hindre at Ukraina knyttar seg til Vesten.

Så Russland har nok sine eigne grunnar til å invadere Ukraina, men det er likevel fullstendig uakseptabelt å invadere Ukraina, slik Russland har gjort sidan den 24. februar 2022.    

Comments