Russlands invasjon av Ukraina
Torsdag den 24 februar 2022 skjedde det ein tragedie. Russland gjorde alvor av planane sine, og invaderte Ukraina. Ein uakseptabel handling, og eit klart brot på FN-charteret og folkeretten. Russland har møtt ein unison fordømming frå det internasjonale samfunnet. Det har lagt i korta lenge at Russland ville invadere Ukraina, men likevel så er det uverkeleg at dei faktisk gjorde det.
Russlands invasjon av Ukraina gir oss grufulle minnar frå andre verdskrig, då Tyskland invaderte Polen, og deretter fortsatte å invadere andre land i Europa. Eg trur ikkje Russland vil invadere andre land i denne omgong, men det er viktig å hugse på fortida når ein skal handtere denne krigen, og prøve å få Russland til å stoppe invasjonen og trekkje seg attende, og prøve å unngå at det utviklar seg til ein storkrig. Det var krig på Balkan på 1990-talet, men utanom det så er dette første gong det er krig på det europeiske kontinent sidan andre verdskrig.
Vesten og NATO legg skulda på Russland for invasjonen av Ukraina. Det er forsåvidt rimeleg å leggje skulda på Russland, men det er nok meir som ligg bak.
Eg meinar at NATO og Jens Stoltenberg og Vesten må ta på seg sin del av skulda for at Russland invaderar Ukraina. I 2008 vart det vedtatt i NATO at Ukraina og Georgia skulle bli medlemmar av NATO på sikt. Det ukrainske parlamentet vedtok i desember 2014 at Ukraina skulle jobbe for eit NATO-medlemskap, og gå bort frå sin status som alliansefritt.
NATO og Jens Stoltenberg har ikkje respektert at Putin ikkje vil ha Ukraina som NATO-medlem. Putin følar seg trua av Vesten hvis Ukraina blir medlem av NATO.
Russland har blitt invadert to gongar før, både av Napoleon og av Hitler. Båe gongane kom angrepet mot Russland frå vest. Putin vil ikkje ha NATO ved sine grensar mot Vesten, fordi Putin er redd for å bli invadert av Vesten på ny.
Jens Stoltenberg og NATO har ikkje tatt hensyn til denne frykta hos Putin og Russland.
I tillegg var det jo eigentleg det med spørsmålet om tilknytning til EU som starta konflikta mellom Ukraina og Russland i 2014.
Så både spørsmålet om NATO-utviding til Ukraina, og EU-ekspansjon mot Ukraina, har pressa Putin opp i eit hjørne, og gjort at han har følt seg tvunge til å setje hardt mot hardt og invadere Ukraina, for å unngå at Ukraina tilknyttar seg sterkare mot Vesten.
Men dette unnskuldar overhovudet ikkje Putin. Det Putin gjer er ulovleg, uakseptabelt, og umoralsk.
Putin er ein gal mann. Ein kan ikkje øydeleggje eit anna land, fordi dette landet vil noko som Putin ikkje er einig i.
Ukraina er ein sjølvstendig nasjon, og har rett til å ikkje få sin suverenitet krenka, og til å ikkje bli invadert.
Men det er altså fleire sidar i denne saka, både den vestlege sida og den russiske sida. Eg håpar verkeleg at Russland tek til fornuft, og stoppar invasjonen og trekk seg attende, og eg håpar verkeleg at det ikkje blir ein storkrig, og eg håpar verkeleg at det ikkje blir atomkrig. Denne galskapen til Putin må ta slutt.
Comments
Post a Comment