Støre-regjeringa sine første 100 dagar
Jonas Gahr Støre si regjering har sitte i litt over 100 dagar no. Det har vore ein litt turbulent start. Men likevel er det lysglimt å sjå.
Etter ein litt nølande start med tanke på koronahandteringa, så har Støre-regjeringa tatt grep, og har vidareført den relativt strenge linja som Solberg-regjeringa hadde. Det synes eg er veldig bra, fordi vi treng ei regjering som tek koronaviruset på alvor, og som gjer det dei kan for å beskytte oss mot, og bekjempe koronapandemien.
Ein annan sak som eg synes det er bra at Støre-regjeringa tek tak i, er reversering av domstolsreformen som Solberg-regjeringa innførte. Eg er imot sentraliseringa til Solberg-regjeringa, og eg meinar at det er bra hvis Støre-regjeringa får reversert domstolsstrukturen til slik det var før. Domstolsreformen som Solberg-regjeringa innførte, reduserte 60 tingrettar til 23 tingrettar. Eg synes 23 tingrettar er altfor lite for eit land som Noreg.
Ein annan sak som eg synes har vore positiv for Støre-regjeringa, er at Noreg som første NATO-land, vil delta som observatør på statspartsmøtane til FNs atomvåpenforbod, der første møte er i Wien i januar 2022.
Dette synes eg er tøft gjort av Støre-regjeringa, og det sendar eit viktig signal til andre NATO-land. Imidlertid, seiar statsministar Jonas Gahr Støre, at dette ikkje er eit første steg mot at Noreg skal slutte seg til atomvåpenforbodet. Likevel synes eg det er veldig bra at Noreg vil observere denne FNs atomvåpenforbod-prosessen.
Straumkrisa har vore ei av dei mest presserande sakane som Støre-regjeringa har måtte handtere. Eg kan dessverre ikkje så mykje om straum, og straumsituasjonen i Noreg, men det verkar som Støre-regjeringa etterkvart har kome på bana med gode tiltak for å løyse straumkrisa.
Det vart dessverre eit litt kort blogginnlegg idag. Eg hadde litt dårleg tid. Eg skal prøve å skrive lengar i 2022. Eg synes summa summarum, at til tross for at Støre-regjeringa har hatt ein litt turbulent start, så synes eg det har vore positive tendensar, og at det etter alt å døme vil gå enno betre for Støre-regjeringa i 2022.
Tusen hjartleg takk for 2021. Tusen hjartleg takk til dokke som har fulgt med på bloggen hittil. Eg set umåteleg stor pris på det. Håpar dokke vil fortsetje å lese bloggen min. Godt nyttår:)
Comments
Post a Comment