Jonas Gahr Støre som ny norsk statsministar og leiar for Støre-regjeringa

Det skjedde noko stort på måndag den 13 september 2021. Dei raudgrøne partia på Stortinget fekk fleirtal, og Arbeidarpartiet, Senterpartiet, og Sosialistisk Venstreparti fekk åleine fleirtal på Stortinget med 89 mandatar. Arbeidarpartiet vart ca. dobbelt så stort som Senterpartiet, og Senterpartiet vart ca. dobbelt så stort som Sosialistisk Venstreparti. Dermed vart Jonas Gahr Støre endeleg statsministar. 

Etter regjeringssonderingar og regjeringsforhandlingar på Hurdalsjøen Hotell, vart det dessverre berre Arbeidarpartiet og Senterpartiet som gjekk i regjering ilag. Eg og mange andre hadde jo håpa at Sosialistisk Venstreparti også skulle bli med i regjering. Men mykje pga for lave klimaambisjonar på Arbeidarpartiet og Senterpartiet sine vegne, valte Sosialistisk Venstreparti å avstå frå å vere med i regjering. 

Uansett, så er dette ein stor begivenheit for Jonas Gahr Støre, for Arbeidarpartiet og Senterpartiet, for Noreg, og også for meg, som har hatt som ein stor draum at Jonas Gahr Støre skulle bli statsmnistar. Og det er jo det heile det politiske bloggprosjektet mitt har handla om, nemleg å gjere eit lite mikrobidrag til at Jonas Gahr Støre skulle bli statsministar. Eg trur eigentleg ikkje at eg har bidratt nokon ting til at det vart regjeringsskifte og at Jonas Gahr Støre vart statsministar, men det har vore spanande å jobbe med den politiske bloggen min likevel. 

Fleirtalet til dei raudgrøne partia ved stortingsvalet 2021, var på 100 mandatar mot dei borgarlege sine 68 mandatar (Pasientfokus har 1 mandat). Valsigaren til Støre og dei raudgrøne var dermed større enn valsigaren til Erna Solberg og dei borgarlege ved stortingsvalet i 2013, då dei borgarlege fekk 96 mandatar, mot dei raudgrøne sine 72 mandatar (Miljøpartiet dei grøne fekk eitt mandat i 2013). 

Eg trur at grunnen til at Miljøpartiet dei grøne ikkje vart rekna med på verken venstresida eller høgresida i 2013, var fordi at dei gjekk inn for å vere eit politisk blokkuavhengig parti. Etter å ha fått 1 mandat ved stortingsvalet i 2017 også, så bestemte dei seg på Miljøpartiet dei grøne sitt landsstyre den 28 november 2020, før stortingsvalet 2021, for å støtte raudgrøn side i politikken, sjølv om dei ivaretok prinsippet sitt om politisk blokkuavhengigheit. Difor reknast dei med på raudgrøn side ved valresultatet for stortingsvalet 2021. Når det gjeld det nye partiet Pasientfokus frå Finnmark, som berre fokuserar på helse, og har som sin viktigaste sak å få oppretta eit akuttsjukehus i Alta, så er eg ikkje heilt sikkar på kvifor dei ikkje vart rekna med verken på venstresida eller høgresida etter stortingsvalet i 2021, men eg trur dei også stillar som eit blokkuavhengig parti.

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum presenterte 8 punktar som spring ut frå Hurdalsplattforma som vart presentert den onsdag den 13 oktober. Hurdalsplattforma er den politiske plattforma til Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum presenterte på onsdag den 13 oktober. 

Dei 8 punktane er som følgjar: 1. Arbeid til alle, 2. Ny giv for distriktspolitikk (Støre-regjeringa vil snu sentraliseringa), 3. Rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skapar jobbar, 4. Bekjempe ulikheit og urettferdigheit og meir rettferdig fordeling, 5. Satsing på kunnskap og praktisk læring (reform for desentralisert utdanning), 6. Tryggleiken attende (gjennomgong av politiet og sikre at politi og ambulanse kjem på kort varsel), 7. Helse og omsorg i verdsklasse, 8. Og til sist så har Støre-regjeringa ein ambisjon om å gjere ein forskjell utanfor Noreg. Slagordet "No er det vanlege folks tur", passar veldig godt ilag med desse punktane. 

Eg synes at det blant desse 8 punktane er mykje gode visjonar og mykje god politikk for eit nytt, betre, og meir rettferdig Noreg.

Eg trur det kan bli fantastisk bra med den nye Støre-regjeringa. Eg synes også det er fantastisk at den nye Støre-regjeringa har fleire kvinnar enn menn. Eg har skikkeleg tru på Jonas Gahr Støre som statsministar, og trur han kan bli ein fantastisk statsministar.  

Med dette, så er eigentleg målet for den politiske bloggen min nådd. Målet var å gjere eit lite mikrobidrag til at det vart regjeringsskifte og at Jonas Gahr Støre vart statsministar. Beklagar så mykje for at eg i introduksjonen til den politiske bloggen min, skreiv at "dette er mitt lille bidrag til at det blir regjeringsskifte ved stortingsvalet 2021". Eg skulle nok skrive eit lite mikrobidrag. Fordi min politiske blogg har nok ikkje bidratt meir enn eit lite mikrobidrag til at det vart regjeringsskifte. Kanskje har eg klart å vippe ein eller to veljarar over frå høgresida til venstresida. Eg veit ikkje. Det er ingen som har kontakta meg og fortalt meg at den politiske bloggen min har hatt innflytelse på dei. Så då har eg kanskje ikkje klart å påverke nokon personar, eller hatt nokon som helst påverknad på at det vart regjeringsskifte ved stortingsvalet 2021. 

Men eg ønskar likevel å fortsetje med den politiske bloggen min og skrive om tema som interesserar meg, og kome med kritikk til den nye regjeringa hvis det er naudsynt, og også skrive om positive ting som Støre-regjeringa gjer. 

Eg ønskar Jonas Gahr Støre og den nye Støre-regjeringa alt av lukke til med stortingsperioden frå 2021-2025. 

Comments