Solberg-regjeringa sin skattepolitikk skapar større forskjellar i Noreg
Skattepolitikken til Solberg-regjeringa har ført til milliardar av skattelettelsar til dei rikaste. Som eg skreiv i det tidlegare blogginnlegget om at: "Regjeringa bryr seg ikkje om dei store spørsmåla i vår tid, som klima, fattigdom og migrasjon", så har Solberg-regjeringa gitt 9 milliardar i skattelettelsar til dei rikaste i Noreg.
På Høyre sine heimesidar, under 10 gode grunnar til å stemme Høyre, så står det: "Verdiar må skapast, før dei kan delast." "Difor meinar Høyre at det skal leggjast til rette for å skape meir, ikkje skatte meir."
Høgresida argumenterar med at høge skattelettelsar bidreg til verdiskapning. Dette kan hende, men på den andre sida så førar høge skattelettelsar til auka forskjellar blant folk, og kan bidra til at vi får eit Noreg vi ikkje vil ha. Altså eit Noreg med større klasseforskjellar enn det vi har idag. Det trur eg er eit scenario som dei færraste som bur i Noreg ønskar.
Det er også slik at effekta av skattekutta heller ikkje kan bevisast av Solberg-regjeringa. Det er slik at dei positive effektane av kutt i formueskatten, er usikre.
Det verste med desse store skattelettelsane, er at det er ein stor sosial urettferdigheit i fordelinga av Solberg-regjeringa sine skattelettelsar. Dei som tenar best, får mest skattelettelsar.
Jo meir ein tenar, jo større skattelettelsar får ein. Eit skattekutt på 300 kr gis til dei personane med inntekt på 300000-400000 kr i året, mens eit gjennomsnittleg skattekutt på 3400 kr gis til dei som tenar over 1 million i året. Dette gjaldt for statsbudsjettet for 2021.
Solberg-regjeringa med finansminister Jan Tore Sanner i spissen argumenterar for at det blir meir lønnsamt å investere i norskeide bedriftar og arbeidsplassar i heile landet, når Solberg-regjeringa reduserar skattane. Her meinast det truleg at Solberg-regjeringa har redusert skattane både for individar og selskapar (bedriftar). Sanner argumenterar også for at lavare skatt er viktig etter koronakrisa, for at norske bedriftar skal kome gjennom krisa og reise seg.
Eg har forståing for at det for mange bedriftar, særleg små og mellomstore bedriftar, vil vere kjærkoment med skattelettelsar no under koronapandemien. Men eg har ikkje forståing for at Solberg-regjeringa gir meir skattelettelsar jo høgare inntekt ein har, for individar.
Eg meinar at skattesystemet i Noreg er kanskje den viktigaste drivkrafta for å skape sosial rettferd. Skattesystemet kan bidra til å omfordele dei skjeivheitane som blir skapt i samfunnet. Eg synes det dermed blir heilt feil slik Solberg-regjeringa gjer, å bruke skattesystemet til å begunstige dei som har mest frå før. Eg synes det er heilt meiningslaust, og veldig urettferdig.
Solberg-regjeringa kjem ofte med argumentasjonen om at det er for å skape arbeidsplassar og meir velferd at ein gir store skattelettelsar. Det kan vere eit poeng når det gjeld skatt for bedriftar og selskapar, men det blir ein litt dårleg argumentasjon når det på den andre sida med tanke på skatt for individar, er dei rikaste menneska som får dei største skattekutta.
Dette går utover dei som har minst frå før, og gjer at moglegheitane i samfunnet i større grad blir eit gode for dei som har mykje frå før og dei som har mest frå før. Noreg har tradisjonelt sett vore eit land med små forskjellar og høg grad av sosial kapital blant folk, og eg ønskar ikkje det forskjellssamfunnet som Solberg-regjeringas skattekutt til dei rikaste, bidreg til å skape.
Comments
Post a Comment